Om oss   Kontakt oss         

Pulverheksa og venene hennar

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 3. mai kl. 18:00

Velkomen til ei heilt ny forestilling med Maj Britt Andersen og alle me kjenner frå Pulverskogen.

Alle gledar seg til det store ballet hjå Draumeprinsen. Men...alt er ikkje som det brukar å vere i Pulverskogen. Tjuven har vorte sint på Politimannen og vil ikkje vere tjuv lenger. Og Politimannen er sur på Tjuven fordi han blir arbeidsledig når ikkje Tjuven vil vere tjuv. Ingen av dei vil kome på ball viss den andre kjem. Og Krokodilla gruar seg til vinteren, så han lurer på om han skal flytte til Afrika.

Alt dette gjer Draumeprinsen så trist at han ikkje vil vere draumeprins meir. Dessutan er det ein diger, skummel skikkelse som rører seg mellom trea og set store fotspor overalt, og gjer alle redde. Kva er det som skjer i Pulverskogen? Blir det ikkje fest? Alt var jo så bra i verdas finaste Pulverskog. Kanskje Pulverheksa kan hjelpe?


Velkomen til ei varm og fargerik forestilling. Nok ein gong er det den barnekjære Spellemannpris-vinnaren Maj Britt Andersen som spelar Pulverheksa – noko anna ville truleg ført til opprør rundt om i landets kulturhus. Og eitt er sikkert: ingen stader er Pulverheksa meir sprell levande enn i teatret. Ein spesiell velkomst til alle små og store troll som skal på teater for aller fyrste gong. Pulverheksa og venene hennar høver for barn frå 3 år.
 

Urpremiere i Nydalen, Oslo 29. mars 2017.
Turnépremiere i Gjøvik 20. april 2017.
På turné vår og haust 2017.


På scena:
Maj Britt Andersen, Janne Starup Bønes, Jørn Morstad og Haakon Strøm

Team:
Regissør: Ivar Tindberg
Komponist: Geir Holmsen
Scenograf: Christine Lohre
Dokkedesignar: Grete Larssen
 

Forestillingslengde: 45 minutt (ingen pause)


Produsert av Riksteatret
 

Les meir her



Foto: Fredrik Arff



Billettprisar:
* Hugs at viss du kjøper billett i skranken på kulturhuset kostar billettane kr. 10,- meir enn her på nettet.
* Samarbeidspartnarar = medlem i Teatervenner Norge, DNB-tilsette, Bokklubben, Libris, Utdanningsforbundet, Norsk sjukepleiarforbund og Pensjonistforbundet (inntil 4 billettar pr medlemskap).
* Grupperabatt = Minimum 4 personar

MAI
3
ONS
Pulverheksa og venene hennar
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Ordinær pris (barn, vaksen, honnør, student) 230,- / Gruppe (4+) og samarbeidspartnarar 190,-
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser