Om oss   Kontakt oss         

Kan nokon gripe inn

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 11. oktober kl. 19:00

Etter suksessen med Bikubesong, tek Lasse Kolsrud for seg Stein Torleif Bjella sin musikk.

Me er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er framleis liv i bygningen som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal kome, som søkjer kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

Stein Torleif Bjella sine karakterar og musikk dannar grunnlaget for framsyninga Kan nokon gripe inn. Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I Bikubesong (av Frode Grytten, dramatisert av Lasse Kolsrud) følgde me familiane i ein blokk i sentrum av Odda. I Sånne som oss (av Frode Grytten/DNS) fekk me innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen.
I Bikubesong var det The Smiths som lydla scenerommet. John Olav Nilsen og gjengen var tonefølgjet i Sånne som oss. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

Stein Torleif Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Sjølv har han vendt tilbake til heimbygda Ål etter nokre år i hovudstaden. Her har han for alvor slått gjennom med songar om den norske bygdesjela. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar.

Songane i framsyninga er henta frå albuma Heidersmenn, Heim for å døy, Vonde visu og Gode liv
 

Urpremiere på Det Norske Teatret 14. januar 2017.
Turnepremiere på Ål kulturhus 11. oktober 2017
På turné til 22 stader hausten 2017.
 


Les meir om forestillinga her

 

På scenen
Kjersti Dalseide, Pål Christian Eggen, Hallvard Holmen, Lasse Kolsrud, Joachim Rafaelsen, Hildegun Riise og Hans Rønningen.
Band: Svenn Erik Kristoffersen, Nils Jansen, Christian Svensson, Marius Reksjø og Mats Grønner. 

 

Team
Tekst og musikk: Stein Torleif Bjella
Manus og regi: Lasse Kolsrud
Scenograf og kostymedesignar: Siri Langdalen
Lysdesignar: Torkel Skjærven
Koreograf: Belinda Braza
Lyddesignar: Jostein Reistad
Dramaturg: Carl Morten Amundsen

 

Kan nokon gripe inn er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Riksteatret. 

 


Billettprisar:
* Hugs at viss du kjøper billett i skranken på kulturhuset kostar billettane kr. 10,- meir enn her på nettet.
* Samarbeidspartnarar = medlem i Teatervenner Norge, DNB-tilsette, Bokklubben, Libris, Utdanningsforbundet, Norsk sjukepleiarforbund og Pensjonistforbundet (inntil 4 billettar pr medlemskap).
* Grupperabatt = Minimum 10 personar


 

OKT
11
ONS
Kan nokon gripe inn
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
415,-/335,-/315,-
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser