Om oss   Kontakt oss         

Leikskeid 2017

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 19. august kl. 13:00

Etter ein times vandretur innover i fjellheimen frå parkeringsplassen i Toviken kjem du til Iungsdalshytta, der du gjennom fleire timar kan nyte fantastisk musikk medan du kosar deg med verdas beste rummegraut og annan nydeleg fjellmat med godt drikke attåt. Alt skjer ute i den frie natur, så i tillegg til den storslåtte konsertopplevinga, vil også fjellområdet som omkransar arrangementet kunne ta pusten frå deg.
 

Vertskap frå Iungdalshytta og Ål kulturhus ynskjer for niande gong velkomen til årets vakraste konsertoppleving i Hallingdal.

 

 

 

EKSTRA! FILMINNSPELING PÅ LEIKSKEID

I år blir det filminnspeling på Leikskeid. Me skal lage Hallingdals råaste musikkvideo, og me ynskjer at de som er publikum blir med på dette. Me startar difor dagen med ein liten opplæring i nokre enkle dansebevegelsar (flashmob) kl 12.00, før me filmar seansen rett før konsertstart kl 13.00. Vil du øve før, så kjem det ein liten opplæringvideo her om litt.

Låta som nyttast til musikkvideoen er laga av Drolsum Stasjon, som vil spele frå scena ved konsertstart. I tillegg vil de få sjå utdrag frå danseforestillinga Make Me Dance.

Ansvarlege for filmprosjektet er Ål kulturhus i samarbeid med Panta Rei Danseteater og Brageteatret.

Kjøp billett inkludert buss, så slepp du bompengar og kø ved parkeringa. Sjå eigen billettkategori. Bussen går frå nedsida av Ål kulturhus kl. 1000. Retur frå Toviken kl. 1900.

 

ARTISTAR LEIKSKEID 2017

  • MARI BOINE M/BAND
  • DARLING WEST
  • DROLSUM STASJON
  • MAKE ME DANCE

 

Mari Boine m/band

Mari Boine er ein fremtredande norsk-samisk world music-sangerinne og musikar, som er spesielt kjent for å ha fornya joik, og modernisert samisk musikk ved å ta inn element frå blant anna jazz, rock og folkemusikalske tradisjonar. Ho har vunne fleire Spelemannsprisar og Nordisk Råds musikkpris, og ho vart i 2009 utnemnt til riddar av 1. Klasse av St. Olavs orden for ”sitt allsidige kunstnariske virke”.

Dei siste åra har ho reist rundt med ulike konstellasjonar; akustiske konsertar og danseforestillingar.

“Konserten var imponerende, uforglemmelig og hypnotisk”.
Rolling Stone Magazine etter konserten i San Sebastian 2010.



Foto: Gregor Hohenberg


Darling West

Darling West hadde så vidt børsta av støvet av Spelemann-nominasjonen dei fekk for debutalbumet frå 2014, før dei gjekk i gang med å lage oppfølgjaralbumet «Vinyl and a Heartache» som vart sleppt på Vestkyst Records i august 2016 til strålande kritikkar.

Bandet består av Mari Kreken, Tor Egil Kreken og Kjetil Steensnæs. Ekteparet Kreken spelar ikkje berre saman heime i si eiga stove, men er også å finne på vegen og i studio med artistar som Marit Larsen, Odd Nordstoga og Stein Torleif Bjella, medan Steensnæs er å finne bak gitaren når Bjørn Eidsvåg og Ingebjørg Bratland reiser ut på tur.

Det er derimot når trioen kjem saman at den verkelege magien oppstår. Då produserer dei låtar som høver like godt inn i dei folksomme gatene i Nashville og på dei solfylte fjelltoppane i Hollywood Hills som i dei regntunge bygdene rundt omkring i Noreg. Countrymusikken er eit amerikansk fenomen som no er omfavna av dei fleste generasjonar over heile verda. Darling West har perfeksjonert uttrykket sitt sidan sist, og reint musikalsk ligg dei tett opp til samtidige artistar som Sam Outlaw, Gillian Welch, Kacey Musgraves, Ryan Adams og Jason Isbell, medan ånden til Gram Parsons og Emmylou Harris heile tida vakar varsomt over dei.

«Vinyl and a Heartache» er produsert av Even Ormestad, som har bygd seg opp eit godt rykte som produsent. På CV-en har har han mellom anna plater med Jonas Alaska, Daniel Kvammen og Thom Hell. Skiva lét autentisk, tidsrett og retro på same tid, medan låtane vekslar mellom å by opp til dans og å pleie hjartesorg.

Darling West har fått mykje merksemd i utlandet, og i 2017 står USA-lansering for tur, med spelejobbar på prestisjetunge festivalar som SXSW i Austin og AmericanaFest i Nashville. I tillegg skal bandet også turnere og spele på festivalar i Noreg.



Sagt om plata:

Dagbladet: 6/6
”Utsøkt på alle plan.”

Mitt Liv Som Erik: 6/6
” En aldri så liten triumf av en plate.”

Dagsavisen: 5/6
”Uansett er hele dette albumet så flott og strøken jordnær country som det går an.”

Hamar Arbeiderblad: 5/6
”Med vokalist Mari Sandvær Kreken i front er det igjen blitt en sympatisk, stemningsfull og lekker utgivelse, som viser at Darling West har funnet sin egen stil og stemme.”

Romerrikes Blad: 5/6
“Sjelfull og vakker country.”

www.altcountry.nl: 4/5

Dust of Daylight:
”Et av norsk musikkhistories beste album i denne sjangeren, det kan vi trygt slå fast. Dette er en plate å bruke tid på, og å nyte i mørke høstkvelder.”

The Wilhelmsens:
” Jeg skal bare nøye meg med å si at jeg er både beveget og imponert. Du finner ikke svake låter her inne. Ikke med lupe, ikke med kart og kompass, ikke med GPS, og heller ikke med Varg Veum på laget.”

Dagens Næringsliv:
” Mari og Tor Egil Kreken og Kjetil Steensnæs har den spartanske sounden inne, og klarer å skrive bittersøte låter med egenart.”

Hallingdølen:
”Den nyaste plata til Darling West blir sterkare for kvar låt. Er du ikkje rørt etter spor ni, har du ikkje lytta godt nok.”

 

Drolsum Stasjon

Frå å være eit lokalt blågras-fenomen på Ringerike har det ivrige 6-mannsbandet fra Hønefoss blitt ein happening langt utanfor heimbygda.

«Jeg pleier å si at (etter min erfaring gjør) banjo deg klokere, lykkelig og bedre rusta til å takle hverdag og fest. Ergo bør du gå og se Drolsum Stasjon. Det handler om livskvaliteten din. Det kan du sitere meg på:)» Mathias Hilmar Iversen, ILA Auto.


AUG
19
LAU
Leikskeid 2017
Stad: Iungsdalshytta
Billettar i sal frå 3. desember 2016
Kl: 13:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser