Om oss   Kontakt oss         

Filmkveld med Ål kyrkjeakademi

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 11. mai kl. 19:15

Om Guder og mennesker

Kyrkjeakademiet set opp filmen «Om guder og mennesker» som tek opp spørsmålet om korleis halde fast og tru på det gode i mennesket og verda, når det ser ut til at det onde tek overhand?

Åtte kristne munkar frå Frankrike lever sine stille liv i eit gamalt kloster djupt inne i dei algeriske fjella. Store delar av dagen går med til bønn og song for å kome nærare Gud. Men munkane er også nyttige personar for lokalbefolkninga, med viktig kunnskap om medisin, nyttevekster og annan livsvisdom. Filmen er basert på ei sann historie, og handlinga er lagt til midten av 90-talet. Munkane sitt trygge tilvære mellom dei tjukke murane på klosteret er truga av fundamentalistar som ikkje er nådige mot folk med feil tru. Dei lokale myndigheitene ber munkane reise heim til Frankrike. Munkane tviler og diskuterer, men veljer å bli. Trufaste mot kallet sitt og oppgåvene sine i lokalsamfunnet.

Filmen fekk den økumeniske Andreasprisen i Haugesund i 2010. Den same prisen fekk filmen i Cannes, i tillegg til Juryens stor pris (Grand Prix). Filmen vart også vald til fransk Oscarkandidat.




Etter filmen blir det samtale rundt tematikken.
Vigdis Moen Storhaug blir med oss for å reflektere og dele sine tankar rundt spørsmåla me sit att med
.


 

MAI
11
TOR
Filmkveld med Ål kyrkjeakademi
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
Kr. 150/120
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser