Om oss   Kontakt oss         

Familiegreier v/Dora Thorhallsdottir

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 12. mai kl. 20:00

Dora Thorhallsdottir debuterte hausten 2013 med braksuksessen Det var ikke sånn det skulle bli.
Showet spelte for utselde hus i over to år og gjorde henne til ein stor publikumsfavoritt.

No er ho endeleg attende med ei splitter ny forestilling! Sjå fram til ei sprudlande heilaften med ærleg, intelligent og hysterisk morosam stand up med landets artigaste relasjonsterapeut. Dora si erfaring frå humorscenen og terapirommet gjev henne gode føresetnader for å sjå det komiske i alt som omhandlar familien.

I Familiegreier tek ho for seg alt frå arveoppgjer til slektsforsking, svigerfamiliar, foreldremøte, julaftnar, begravelsar, elefantar i rommet og alt anna rusk og rask dei fleste av oss har i flokken. Dette blir garantert eit show med høg latter- og attkjenningsfaktor!

 

HEILAFTEN:

No kan du nyte ein god middag før forestillinga. Sjå eigen billettkategori.

  • Billett 595,- inkluderar billett, middag og dessert.

Dagens middagsmeny blir servert på Thon Hotell Hallingdal kl 18.00:                               

  • Kveite med agurksalat, potetmos og sitronrømme 

  • Milde måne vaniljeis, bjørnebær, eggelikør og krem

 

MAI
12
FRE
Familiegreier v/Dora Thorhallsdottir
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr. 595/350
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser