Om oss   Kontakt oss         

Open dag på Ragnhildrud (Rolf Nesch-dag)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 10. juni kl. 13:00

Open dag på Ragnhildrud i juni har vore så vellukka at familien etter Rolf Nesch, Nesch-nemda i Ål kommune og Ål kulturhus ynsjer å lage ein ny Nesch-dag på garden i Liagardane i Ål, der Nesch budde og jobba i over 20 år.


Besøk og omvising i atelieret samt ute på gardstunet er ein del av programmet. Det blir også kulturinnslag undervegs og enkel servering inngår i prisen. Billetten er inkludert buss tur/retur kulturhuset. Bussen går frå nedsida av kulturhuset kl.1300, og programmet varar omlag 3 timar.

Velkomen til ein triveleg dag på garden til verdskunstnaren Rolf Nesch.



 

 




 

 

JUN
10
LAU
Open dag på Ragnhildrud (Rolf Nesch-dag)
Stad: Ragnhildrud
Kr. 200
Kl: 13:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser