Om oss   Kontakt oss         

Väsen (Fryd Scene)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 4. mai kl. 19:30

I over 25 år har den svenske folkemusikkgruppa Väsen vore moderne tradisjonsbærarar og spydspissar for den nordiske folkemusikken. Dei har spelt på Ål ved fleire høve, og no kjem dei endeleg attende! Den rå musikaliteten, det enormt leikande samspelet og den lune humoren, både i dialog med publikum og i samspelet gjer denne trioen til noko av det mest spennande me kan høyre av folkemusikk.

Olov Johansson, nykkelharpe, Mikael Marin, bratsj og Roger Tallroth på gitar.

 

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i eit intimt lokale. Konsertstaden er Aal Pensjonat, der Fryd Scene har etablert seg som ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene midt på torget på Ål.
Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane på Fryd scene.

 

 

 

MAI
4
TOR
Väsen (Fryd Scene)
Stad: Fryd scene
Kr 210,-
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser