Om oss   Kontakt oss         

Folkemusikkveka 2017

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: 25. - 28. mai 2017

Les meir om Folkemusikkveka her: http://www.folkemusikkveka.no/


FESTIVALPASS kr. 800,-
Dette gjeld for FestivalKVELD fredag & laurdag OG FestivalNATT torsdag & fredag & laurdag.


DAGSPASS kr. 500,-
Dette gjeld for FestivalKVELD OG FestivalNATT pr. dag


NB! Det er 18 års aldersgrense på festivalNATT på hotellet fredag og laurdag.

På enkelte konsertar er det halv pris for born og ungdom under 18 år.






 

 


PROGRAM:


Torsdag 25. mai:

Torsdag 25. mai kl 13.00:

FRAM MOT SUMARSTID

Å syngje saman med andre styrker mental helse, viser nye studier. Å syngje saman med andre gir bedre resultat enn å syngje åleine eller drive med lagidrett. Ja, var det ikkje det me visste! Gode, gamle Evjens Minne, topp husorkester med Torill Kvalvågnes i spissen, allsong og deilig brunsj av Bygdekvinnelaget. Ein god start på dagen altså. 

Husorkester: Torill Kvalvågnes, John Storhaug, Audun Haugeplass og Jo-Asgeir Lie.

Stad: Evjens Minne
Bill: kr 100,-



Torsdag 25. mai kl 15.00:

BIRGER OG BANDET

Birger Liahagen har hatt eit langt og rikt spelemannsliv, og i over 25 år har han komponert musikk og skrive songar. Med oppvekst i ein spelemannsheim i Grønlio i Gol har folkemusikken alltid vore ein raud tråd i låtskrivinga hass.

Birger Liahagen - trekkspel, song, 
Knut Hjelmen - trekkspel, piano, orgel
Per Liahagen - gitar, song
Bjørn Wiggo Engen - ståbass
Vigdis Liahagen - song
Ottar Kåsa - el-gitar, hardingfele
Arne Moslåtten - fløyte, torader
Rebecca Loft - bratsj, feler

Stad: Thon Hotell Hallingdal
Bill: kr 100,-



Torsdag 25. mai kl 19.00:

TRADISJONELL KYRKJEKONSERT

Kyrkjekonserten under Folkemusikkveka har vorte ein pilar under festivalen. Me har utvikla eit tett og godt samarbeid med kyrkja, noko som har resultert i ei lang rekkje eineståande gode konsertopplevingar. Gjennom dei siste åra har ei fullsett kyrkje fått oppleva store kunstnarar. Dette året vert ikkje noko unntak. 

Ål-koret, Tuva Syvertsen, Ottar Kåsa, Daniel Kvammen & SVER, Øyonn Groven Myhren m. fl.

Programleiar: Bergljot Kaslegard

Stad: Ål kyrkje
Bill: kr 250/125,-



Torsdag 25. mai kl 20.30 - 23.30:

FESTIVALNATT SOM BESTÅR AV MUSIKKQUIZ, GATESANGERNE
og
MYLLARGUTENS GAMMALDANSORKESTER / JAM-SESSION
 

MUSIKKQUIZ KL 20.30: Øystein Velure, Folkemusikkveka sin eigen Quiz-general, stiller også i år spørsmål på sin heilt særeigne og underfundige måte. Øystein si høgre hand er sjølvsagt Morten Gjeldokk. Merk deg at dette ikkje er ein rein folkemusikkquiz, men ein musikkquiz der alle kan delta og der det ikkje vert stilt krav til at ein skal vita kva låttar Øyvind Brabant spela på Landskappleiken på Otta. Alle kan med andre ord delta, og alle har sjansen til å nå opp. Meld gjerne på laget ditt på førehand. Fine og fuktige premiar!
 

GATESANGERNE KL 22.00: Gatesangerne oppstod ved ein tilfeldighet på Aker Brygge for meir enn 20 år sidan og fortset med dét den lange og stolte tradisjonen med Oslo-viser
Dette blir både rørande, vakkert og ikkje minst morosamt!

Kari Svendsen - song, banjo
Lars Klevstrand - song, gitar
Steinar Ofsdal - ståbass, fløyter
Kjetil Skaslien - trekkspel

 

MYLLARGUTENS GAMMALDANSORKESTER / JAM-SESSION KL 23.30: Myllargutens gammaldansorkester er eit ensemble beståande av ein ambulerande medlemsmasse. Dette betyr at du aldri heilt veit kven du får, men filosofien bak bandet gjer at du alltid veit kva: Nemleg ultradansbar musikk og heisastemning. Med foten godt planta i tradisjonsmusikken snik det seg også inn slagarar som innbyr til allsong.
 

Stad: Thon Hotell Hallingdal
Bill: kr 100,-

Bill: kr 800,- Festivalpass (inkluderer Festivalkveld på Sundrehall fredag og laurdag & Festivalnatt på Thon Hotell Hallingdal torsdag, fredag og laurdag)



Tuva Syvertsen er ei av mange som deltek på Kyrkjekonserten torsdag
 



Fredag 26. mai:

Fredag 26. mai kl 08.30:

FELEFRUKOST

Start dagen med den perfekte kombinasjonen av god mat, godt humør og god musikk. 

Hardingfelene til spelemennene frå Talentskola i Buskerud samt den eineståande velsmakande hallingfrukosten til Oddrun Bergaplass på Aal Pensjonat gjer at du lett kan danse deg gjennom resten av festivalen.

Stad: Aal pensjonat
Bill: kr 125,-

NB! Billettsalg ved inngangen!



Felefrukost er triveleg!


 



Fredag 26. mai kl 10.00:

LYNKURS I HALLINGSPRINGAR
Lær hallingspringar på ein time. Kom åleine eller i par, danse får de lell!

Stad: Galleri Syningen, Ål kulturhus
Bill:
Gratis
 



Fredag 26. mai kl 11.00:

DUGURDSDANS PÅ SUNDREHALL

Dansegolv, servering, den beste musikken og vonleg nydeleg vêr – kan ikkje bli betre enn det! Ta deg ei pause i handelen eller på jobben og ta deg ein svingom på Sundrehall. 

Stad: Sundrehall
Bill:
Gratis
 


Fredag 26. mai kl 11.15:

STERKE HALLINGLÅTTAR

Hilde Kirkebøen og Øyvind Brabant, begge frå Ål, er to spelemenn som har solid rotfeste i Hallingtradisjonen og har spesialisert seg på god takt og dansedriv. 

Stad: Aal pensjonat
Bill: kr 120/60,-

 



Fredag 26. mai kl 13.00:

MEISTERMØTE PÅ TORADER: INGE GJEVRE OG OLE NILSSEN

To av vore absolutt topp utøverar på torader! 

Stad: Aal pensjonat
Bill: kr 120/60,-


 



Fredag 26. mai kl 14.15:

ØYONN GROVEN MYHREN

Øyonn er frå Ekeberg i Oslo, men med ein far frå Hallingdal og mor frå Telemark står ho med kvart sitt stødige bein i to av våre rikaste folkemusikktradisjonar. Groven Myhren er ei av dei finaste folkesongarane me har, og samtidig ein meister på den sjeldne og vakre "Kravik-lyra".

Stad: Aal pensjonat
Bill: kr 120/60,-


 



Fredag 26. mai kl 15.30:

KURS: SONG - ØYONN GROVEN MYHREN

Lær deg nokre nye viser og stev med Øyonn.

Stad: Aal pensjonat
Bill: kr 150,-

NB! Billettsalg ved inngangen!


 


 

Fredag 26. mai kl 15.30:

KURS: HALLINGDANS - MARTIN MYHR

Stad: Sundrehall
Gratis

 



Fredag 26. mai kl 15.30:

KURS: POLSKA (spel) - ERIK RYDVALL

Stad: Ål kulturhus
Bill: kr 150,-

NB! Billettsalg ved inngangen!

 



Fredag 26. mai kl 16.30:

YOGA PÅ NORSK

Finn den absolutte indre ro før du slepp alle hemningar! Timen vil bli akkompagnert live av vare folketonar frå Margit Myhr.

Stad: Ål kulturhus
Bill: 150,-

NB! Billettsalg ved inngangen!

 



FESTIVALKVELD FREDAG:


Fredag 26. mai:

FESTIVALVORSPIEL KL 17.00

Happy hour, happy music, happy people!


Fredag 26. mai:

MYLLARGUTENS GAMMALDANSORKESTER KL 18.00

Ultradansbar folkemusikk og heisastemning lovast.


Fredag 26. mai:

VALKYRIEN KL 19.30

Norge sitt mest profilerte folkemusikkband gjennom 10 år spelar på Folkemusikkveka for fyrste gong! Bandet slapp si femte plate 'prøv å si noe til meg nå' hausten 2016 til strålande kritikkar. Det er imidlertid som liveband dei verkeleg har gjort seg bemerka, både i Norge og utlandet. Med eit samspel som manglar sidestykke gjer dei seg klare for ein tett og energisk konsert på Sundrehall!


Fredag 26. mai:

DANIEL KVAMMEN & SVER KL 21.00

Med eit hundretalls konsertar i heile Norge, deriblant utsolgte klubbkonsertar og kritikerroste opptredenar på Øyafestivalen, Slottsfjell, by:Larm, Pstereo og ei rekke andre festivalar er endeleg turen for Daniel Kvammen kommi til Folkemusikkveka. Daniel spelar saman med supergutta i SVER.

NB: Begrensa antall sitteplassar inne på Sundrehall


Stad: Sundrehall
Bill: kr 400/150,-

Bill: kr 500,- Dagspass (inkluderer Festivalkveld og Festivalnatt fredag)
Bill: kr 800,- Festivalpass (inkluderer Festivalkveld på Sundrehall fredag og laurdag & Festivalnatt på Thon Hotell Hallingdal torsdag, fredag og laurdag)
 



FESTIVALNATT FREDAG (18-års aldersgrense):


Fredag 26. mai:

DANSEFEST KL 22.00 - 02.00, FESTSALEN THON HOTELL HALLINGDAL

Non-stop gamaldans og springardans
med Jutullaget og diverse andre spelemenn.
Gamaldans, springar og pols(runddans/bygdedans)


Fredag 26. mai:

DJ-SESSIONS KL 22.00 - 02.00, JEGERSTUGU THON HOTELL HALLINGDAL

Groovy, dansbar verdensmusikk.


Fredag 26. mai:

RAABYGG KL 23.00, JEGERSTUGU THON HOTELL HALLINGDAL

Raabygg består av tre musikarar med felles interesse for både hits og bortgøymde låtar frå Agder. Med hardingfeler, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt.

Johanne Flottorp – Hardingfele, vokal
Tuva Færden – Hardingfele, vokal, lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore – Harpeleik, vokal, munnharpe


Fredag 26. mai:

HOVEN DROVEN (SE) KL 00.15, JEGERSTUGU THON HOTELL HALLINGDAL

Legendariske Hoven Droven frå Östersund er mangeårige verdensmestere i heftig folkemusikkrock!


Stad: Thon Hotell Hallingdal
Bill: kr 250,-

Bill: kr 500,- Dagspass (inkluderer Festivalkveld og Festivalnatt fredag)
Bill: kr 800,- Festivalpass (inkluderer Festivalkveld på Sundrehall fredag og laurdag & Festivalnatt på Thon Hotell Hallingdal torsdag, fredag og laurdag)

 


Inge Gjevre møter du på Aal pensjonat fredag kl. 13:00

 



Laurdag 27. mai:

Laurdag 27. mai kl 08.30:

BELG TE BISK

God frukost, gode historier og gode låttar. Med Hallgrim Berg og Thorleif Stave.

Stad: Aal pensjonat
Bill: kr 125,-

NB! Billettsalg ved inngangen!

 



Laurdag 27. mai kl 10.00:

LYNKURS I HALLINGSPRINGAR

Lær hallingspringar på ein time. Kom åleine eller i par, danse får de lell!

Stad: Galleri Syningen, Ål kulturhus
Bill:
Gratis
 



Laurdag 27. mai kl 10.30:

MORO I MYREN

Som vanleg stiller noregs beste hallingdansarar på Ål laurdag 12.00 for å tevle om 10 000 blanke kroner. Men allereie frå tidleg om morgonen blir det musikk, danseoppvisningar og mat og drikke. Skikkeleg godstemning altså. 

Stad: Sundrehall (NB!)
Bill:
Gratis
 



Laurdag 27. mai kl 13.00:

FANITULLTEVLINGA 2017

Fanitulltevlinga er eit kappspel med laus snipp på hardingfele og fele. Gjennom oppspel kjem ein fram til tre prisvinnarar som skal spele finale på Sundrehall. Desse tre deler premiepotten på kr 30 000,-. Vinnaren får 15 000,- og ein flott sylvpokal. Det er Olav Thon som har gjeve pokal og prispengar til fremje av «spillemannskunsten».

Stad: Aal pensjonat
Bill: kr 120/60,-

 



Laurdag 27. mai kl 13.00:

GAMALDAGS BYGDAMØNSTRING

Denne tradisjonsrike konserten treng ingen nærare presentasjon! I god gamal stil utfordrar me DEG til å innta scena og bidra med eit innslag!

Stad: Storesalen, Ål kulturhus
Bill: kr 220/110,-


 

 


Laurdag 27. mai kl 17.00:

LEIF RYGG: PLATESLEPP "BYGDATRÅEN"

Leif Rygg frå Voss er utdanna landmålingsingeniør frå Stend jordskifteskule og har arbeidd som landmålar blant anna i Ål. Han har vunne A-klassa(NM) på landskappleiken heile fem gonger og er verkeleg ein av vore mest profilerte spelemenn me har i dag.
Plata inneheld høgdepunkt frå eit lang spelemannsliv.
Velkomne til plateslepp!

Stad: Aal pensjonat
Bill: kr 120/60,-

 



FESTIVALKVELD LAURDAG:


Laurdag 27. mai:

FESTIVALVORSPIEL KL 17.00

Happy hour, happy music, happy people dag 2!


Laurdag 27. mai:

DØGENIKTENES DEBATT KL 18.00

"Det er så mye jeg skulle gjort med livet mitt, men i stedet har jeg kastet bort en fjerdedel av det og bare dansa litt", sier Vetle til Ådne.
"Døgeniktenes debatt" er herleg sjarmerande, annerledes, spektakulær og ikkje minst morosam danseforestilling.
Ådne Kolbjørnshus og Vetle Springgard


Laurdag 27. mai:

WE BANJO 3 (IR) KL 19.15

Det som starta med ein banjotrio frå Galway, Irland utvikla seg raskt til å bli eit fyrverkeri av ein kvartett med to par brødre:
Enda Scahill(banjo) og Fergal Scahill(fele, banjo,mandolin) samt Martin Howley(banjo) og David Howley(vokal,banjo, banjo)


Laurdag 27. mai:

FANITULLFINALEN 2017 KL 20.15

Tre spelemenn, tre hallingar (lauslåttar) og 30 000 blanke kroner.


Laurdag 27. mai:

RÄFVEN (SE) KL 21.00

Det åttemannsterke sigøynerpunkorkesteret frå Gøteborg spelar opp til dans laurdagskvelden på vårt kjære Sundrehall.
Det gledes!

NB: Begrensa antall sitteplassar inne på Sundrehall
 

Stad: Thon Hotell Hallingdal
Bill: kr 400/150,-

Bill: kr 500,- Dagspass (inkluderer Festivalkveld og Festivalnatt laurdag)
Bill: kr 800,- Festivalpass (inkluderer Festivalkveld på Sundrehall fredag og laurdag & Festivalnatt på Thon Hotell Hallingdal torsdag, fredag og laurdag)
 



FESTIVALNATT LAURDAG (18-års aldersgrense):


Laurdag 27. mai:

DANSEFEST KL 22.00 - 02.00, FESTSALEN THON HOTELL HALLINGDAL

Non-stop gamaldans og springardans med Haugerud, Fingarsen & Evje og diverse spelemenn.


Laurdag 27. mai:

DJ-SESSIONS KL 22.00 - 02.00, JEGERSTUGU THON HOTELL HALLINGDAL

Groovy, dansbar verdensmusikk.


Laurdag 27. mai:

MORGONRODE KL 23.00, JEGERSTUGU THON HOTELL HALLINGDAL

Morgonrode er ein kvartett som består av unge, nyfikne folkemusikarar. Musikken er leiken og sart på same tid, og med eit rått og ærleg uttrykk eksperimenterar dei med tradisjonell og improvisert musikk. 
Rasmus Kjorstad- oktavfele
Selma French Bolstad- nyckelharpe, hardingfele, song
Andreas Winther- slagverk
Helga Myhr- hardingfele, song


Laurdag 27. mai:

SNAKKA SAN & SVER (SE/NO) KL 00.15, JEGERSTUGU THON HOTELL HALLINGDAL

Norsk/svenske Snakka San & Sver har dei siste åra introdusert verden for ein totalt ny genre: Folkhall! Med suveren blanding av folk, klubb og raeggaevibber kan dansegolvet bli "riktigt" hot.
 

Stad: Thon hotell Hallingdal
Bill: kr 250,-
Bill: kr 500,- Dagspass (inkluderer Festivalkveld og Festivalnatt laurdag)
Bill: kr 800,- Festivalpass (inkluderer Festivalkveld på Sundrehall fredag og laurdag & Festivalnatt på Thon Hotell Hallingdal torsdag, fredag og laurdag)



Snakka San & Sver gjev garantert høg stemning laurdag kveld

 

 



Sundag 28. mai:

Sundag 28. mai kl 11.00:

SONGGUDSTENESTE MED KIM RYSSTAD

Kom i kyrkja og delta i «det store koret». Her er det ingen krav til kvalitet. Det einaste som skal til er at du finn glede i å syngje eller høyre på om du heller vil det.

Stad: Ål kyrkje
Bill:
Gratis
 



Sundag 28. mai kl 13.00:

FAMILIEDAG PÅ MUSEET

Her kan ein puste ut etter ein lang festival med mange store og gode musikkopplevingar. Ta borna med opp på Leksvol og få ei roleg, fin sundagsoppleving på tampen av festivalen.

Stad: Ål bygdamuseum
Bill:
Gratis

 



Songgudsteneste med Kim Rysstad sundag kl. 1100

 

 

 

 

MAI
28
SUN
FESTIVALPASS (Folkemusikkveka)
Stad: Sundrehall
Kr 800,-
Kl: 17:00
MAI
28
SUN
Folkemusikkveka 2017
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser