Om oss   Kontakt oss         

Hoggeren

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Anders (Anders Baasmo Christiansen) vaks opp i Rukkedalen med sterk utbrytartrang. Han skulle ut i verda og aldri sjå attende. Men etter tjue år i Oslo er livet endå ikkje på plass. Med ei kjensle av å ha mista alt som betyr noko, vender han attende til heimbygda og flytter inn i småbruket han har arva etter foreldra sine. Med øks og nevekraft fordriv Anders dagane med å hogge tre i skogen sin, men han er ingen skogsarbeidar. Han har ingen plan for det han gjer, berre eit mål om å finne roen i naturen og gje seg hen til det fysiske arbeidet. Idyllen slår raskt sprekkar når han møter slektningane sine, som meiner han let arven etter familien gå til spille. Dei har kvar si tilnærming til korleis dei kan hjelpe den bortkomne slektningen sin og nektar å la Anders vere i fred. Anders kjenner seg fanga. Heller ikkje i naturen kan han bli fri frå seg sjølv og si eiga fortid.


HOGGEREN er ei mørk, humoristisk og sår skildring av Anders sitt forsøk på å nullstille livet, med å søkje inn i naturen og det fysiske kroppsarbeidet. I hovudrolla gjer Anders Baasmo Christiansen nok ein fantastisk skodespelarprestasjon og blir matcha av nokre imponerande tolkinger av dei ikkje-profesjonelle skodespelarane som spelar slektningane hans. Her får du dialogar du ikkje har høyrt på norsk film tidlegare.
 

Regissør og manusforfattar er Jorunn Myklebust Syversen frå Gol.


Aldersgrense: 9 år
Lengde: 1 time og 22 minutt


Sjå trailer her

 

 

APR
30
SUN
Hoggeren
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 16:00
MAI
2
TYS
SENIORKINO: Hoggeren
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 12:00
MAI
4
TOR
Hoggeren
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:00
MAI
5
FRE
SENIORKINO: Hoggeren
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 12:00
MAI
7
SUN
Hoggeren
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser