Om oss   Kontakt oss         

A United Kingdom

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Den forbudte kjærleiken som endra verda!

A United Kingdom er basert på den sanne og fantastiske kjærleikshistoria til afrikanske Seretse Khama og engelske Ruth Williams. Khama var tronarving til landet som no er Botswana. I 1948 gifta dei seg og trossa dermed familiane sine, den britiske kolonimakta og ikkje minst nabolandet Sør-Afrika som samtidig innførte apartheid.

Britiske styrkar styrte over Khama sitt land, og på grunn av giftemålet sitt vart han forvist for evig tid. Med stønad frå folkeopinionen legg dei nygifte ut på ei reise for å kjempe seg attende - og vinne fridom både for kjærleiken og landet.

Seretse og Ruth sin kamp fekk enorm merksemd i si tid og ekteparet inspirerte ei heil verd.

Filmen har hausta stor applaus frå engelske anmeldarar:
"Unmissable" (The Times)
"A love story for the ages" (Daily Mail)
"Irresistible" (The Guardian)
"The most romantic film of the year" (Metro)

 

Aldersgrense: 9 år
Lengde: 1 time og 51 minutt



Sjå trailer her

 

NB! Kinovisninga torsdag 27. april kl. 1130 er babykino.
Babykino = film på dagtid med lågare lyd, meir lys i salen og stor takhøgd for pludrande småtassar på fang og i vogn.
VELKOMEN!
 

 

MAI
9
TYS
SENIORKINO: A United Kingdom
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 12:00
MAI
12
FRE
SENIORKINO: A United Kingdom
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 12:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser