Om oss   Kontakt oss         

Birger Liahagen og bandet

Arrangør: Fausko Skysstasjon
Tid: 25. april 2017

Birger Liahagen har bak seg eit aktivt spelemannsliv gjennom meir enn 50 år! Med oppvekst i ein spelemannsheim i Grønlio i Gol har Birger fått inn folkemusikken både gjennom arv og miljø. I mange ulike grupper og samanhengar har Birger traktert trekkspelet til gamaldans, swing og countrymusikk. Birger er også trubadur og forteljar. Han trakterer også hardingfela, men knapt nokon kan traktere og formidle folkemusikk og «spela hardingfele» på femrader (trekkspel) betre enn han.

Gjennom 25 år har Birger Liahagen komponert musikk og skrive songar. I 2016 tok Birger med seg gode musikarar og gjorde ein skikkeleg produksjon med innspeling av eigne komposisjonar. Musikken har eit stor spenn, eit retteleg storverk! Det resulterte i eit flott album med folkemusikkprega låtar, gamaldanslåtar, viser og populærmusikk. Det var CD-slepp og stor konsert på Låven på Fausko på Fauskivalen torsdag 4. august 2016. Eit fantastisk flott program, som mange gjerne vil få med seg ein gong til, og som mange fleire burde oppleva. Etter konserten vil Birger og Bandet også spela opp til dans. Dette blir variert og skikkeleg god gamaldansmusikk!

Arrangør: Fausko Skysstasjon / Fauskivalen

APR
25
TYS
Birger Liahagen og bandet
Stad: Fausko Skysstasjon
Pris kr 165/60,- (inkl.avgift)
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser