Om oss   Kontakt oss         

A Tribute to Johnny Cash m/ The Boys Named Sue

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 30. september

Folsom Prison Blues, Ring of Fire, Jackson, It ain't me, Ghost Riders, Get Rythm, Walk the Line, Highwayman, San Quentin, Hey Good Lookin'... Lista med kjende låtar held fram, og du får høyre dei alle i Ål kulturhus denne kvelden.

Det er få artistar som kan vise til same status og suksess som The Man in Black - Johnny Cash!

The Boys named Sue hyllar Johnny Cash med autentiske og rocka tolkingar av låtar frå heile den 46 år lange karrièren til ein av dei mest viktige og respekterte musikarane i Amerika. Bandet har rykte på seg for å levere eit show som gjev publikum kjensla av å vere i eit sveitt konsertlokale i Nashville attende på 50-talet, der både rocke- og dansefoten aldri er langt unna. Så seriøst har bandet tatt oppgåva, at dei markerte 60 årsjubileet for singelen Walk the Line med å spele tre konsertar for dei innsette i Ringerike Høysikkerhetsfengsel. Ein tydlegare referanse til originalen skal ein leite lenge etter.

Med stor respekt, litt ung virilitet og rockabilly-faktoren skrudd opp nokre ekstra hakk tilnærmar The Boys named Sue seg musikken til Cash, og bandet kan garantere ein kveld med mange musikalske høgdepunkt, stødig cowboytakt og masse allsang.

Les meir om bandet her


 

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga.
Middagsserveringa startar 2 timar før førestilling, samt at det gjeld utvalde rettar kvar gong.

Stad: Thon Hotel Hallingdal
Tid: Middagsservering kl. 17.00

MENY: 
• Heilsteikt ytrefilet med grønnsakstimball, rødvinssaus og amadinepotet
• Panna cotta med coulis

Billett inkl middag kr. 575,- (Billett u/middag kr 330,-)

 

 

 

SEP
30
LAU
Johnny Cash-tribute m/ The Boys named Sue
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr. 330
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser