Om oss   Kontakt oss         

Folk og røvere i Kardemomme by

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 17. november

Det blir fest i Kardemomme by, og du er invitert.

I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberar Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimeister Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med.

Har du hugsa å vaske øyrene deira? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatret si oppsetjing av Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterforestilling full av energi, humor, dans og masse musikk. Du vil møte ei frekk papegøye, ein talande kamel og ei løve som er glad i mjølkesjokolade. Bli med inn i Thorbjørn Egner si verd og opplev den magiske teaterstemningen på kulturhuset.
PS! Røvarane gler seg til å helse på publikum i foajéen etter forestillinga. 


Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent ynskjer me å innlemme ein ny generasjon i vår felles kulturarv. Ja, vi elsker Thorbjørn Egner!


Premiere i Nydalen, Oslo 2. november 2017
Turnépremiere på Nøtterøy 7. november 2017
På turné med Riksteatret til 70 stader over heile landet.

 

På scenen
Mikkel Niva, Mats Holm, Carina Furseth, Jan Huse, Morten Røhrt, Jonas Rønning, Lars Helge Throndsen, Linda Tørklep og Olli Wermskog.

 

Team
Regissør: Kim Haugen
Scenograf: Siri Langdalen

 

Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause).


Riksteatret i samarbeid med Hålogaland Teater.

 

Om billettprisar:
* Ordinær pris = både til barn og vaksne
* Hugs at viss du kjøper billett i skranken på kulturhuset kostar billettane kr. 10,- meir enn her på nettet.
* Samarbeidspartnarar = medlem i Teatervenner Norge, DNB-tilsette, Bokklubben, Libris, Utdanningsforbundet, Norsk sjukepleiarforbund og Pensjonistforbundet (inntil 4 billettar pr medlemskap).
* Grupperabatt/Familierabatt = Minimum 4 billettar

 

 

 

 

 

NOV
17
FRE
Folk og røvere i Kardemomme by
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
260,-/215,-/210,-
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser