Om oss   Kontakt oss         

Tenorane og Steffen Horn

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Sundag 3. desember

Få, om nokon, fenomen har inspirert komponistar og tekstforfattarar i så sterk grad som jula. Ja, det er ikkje ei overdriving å seie at sjølve juletradisjonen fyrst og fremst blir formidla og halden ved like gjennom tonar og ord. Kva hadde jula vore utan songane som høyrer til? I spennet mellom ”Så går vi rundt om en enebær busk” og Bachs ”Juleoratorium”, vibrerer juleforteljingane seg inn i ryggrada vår, og aller sterkast når musikken blir framført av pasjonerte kunstnarar som har evna til å setje strengar i rørsle i mottakelege sinn.

Slike kunstnarar er altså Tenorane. Gjennom songen pustar dei sølvstøv over alle oss som sårt treng ein pause i kvardagane, ein pause for å få påfyll av glede og fred og leiken latter. Håpet er at konserten skal byggje ei bru av ord og tonar frå ein travel kvardag attende til barndommens forventningsfulle undring over kva den er, denne høgtida, som hjelper oss til å ta vare på den barnlege uskulda midt i larmen.

Tenorane er i ferd med å etablere seg som ein av landets fremste songtrioar.

Repertoaret spenner frå Bach til Beatles, eller frå Puccini til Prøysen, alt formidla med stor musikalitet og humør. Gruppa består av Henrik Hundsnes, Ola Marius Ryan og Aasmund Kaldestad og den eminente pianisten Steffen Horn. No kastar dei seg over kjente og mindre kjente julesongar, i håp om å bidra til å drysse eit musikalsk glitter over julefeiringa.


Les meir om Tenorane her


 

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga.
Middagsserveringa startar 2 timar før førestilling, samt at det gjeld utvalde rettar kvar gong.

Stad: Hallingdal Feriepark
Tid: Middagsservering kl. 16.00
 

MENY: 
• Heilstekt ytrefilet av fjellgris servert med fjellmandel-purè, fritert rosenkål, grønsakscrocette og rødvinssaus
• Sjokoladefondant servert med appelsinsalat og vaniljeis

Sjå eigen billettkategori.

 

DES
3
SUN
Tenorane og Steffen Horn
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr. 350,-
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser