Om oss   Kontakt oss         

Sommarkveld i gamlekyrkja #1: Kvarts

Arrangør: Hol og Hovet menighetsråd
Tid: 4. juli 2017

Med godt 19 års fartstid er folkemusikkgruppa Kvarts ei svært godt etablert gruppe i norsk musikkliv. Det musikalske uttrykke deira har heilt frå starten vore solid rotfesta i den norske folkemusikken, og med ei rekkje instrument, og med humør og speleglede har gruppa nådd ut eit stort publikum. Repertoaret til Kvarts har heilt frå starten vore ein kombinasjon av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale.

Gruppa har heilt sidan starten hatt eit ynskje om å samarbeide med andre musikarar. Kvartetten har opp gjennom åra hatt mange samarbeidsprosjekt med andre musikarar og orkester, som t.d. Kringkastingsorkestret, Kristiansand Symfoniorkester Jonas Fjeld, Henning Kvitnes, Berit Opheim, Sondre Bratland, Hemsing-søstrene og Birger Mistereggen. Dei har så langt gjeve ut ni cd-ar, og fått Spellemannprisen for to av dei.

Kvarts har ei lang merittliste å syne til, og publikum i Hallingdal har opp gjennom åra fått oppleve kvartetten i ei rekkje store konsertproduksjonar. Denne gongen inviterer dei derimot til eit tett og intimt møte med kvartetten og musikken deira.

Kvarts består av:
Jo Asgeir Lie, trekkspel
Øystein Rudi, fele, hardingfele
Tom Willy Rustad, kontrabass, gitar, torader, munnharpe
Erlend Styve, gitarar

JUL
4
TYS
Sommarkveld i gamlekyrkja #1: Kvarts
Stad: Hol gamle kyrkje
Kr 220,- inkl.avgift
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser