Om oss   Kontakt oss         

IMAGE IN MY MUSIC med Ragin Wenk-Wolff

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 25. november

IMAGE IN MY MUSIC

Eit multi media, multi dimensjonalt show

"Inside my head the music has colors, shapes, textures, and many more images; imagine, now you can see it too ...”

Medverkande: Ragin (violin), Tor Espen Aspaas (piano)

 

“Image in my Music” hadde premiere på Kilden i Kristiansand i 2014, framfor eit svært begeistra publikum. I showet får ein oppleve det Ragin Wenk-Wolff ser i sitt indre når ho spelar på sin Stradivarius frå 1689. Høyres det rart ut? Neidå.

- Inni hovudet mitt har musikken fargar, former, teksturar og andre bilete, forklarar Ragin som i showet tek oss med på ei magisk reise inn i den indre verda til ein musikar. Det blir litt som i dei store Hollywoodfilmane, men med motsett forteikn. I filmen er musikken med på å få fram stemningen i det som skjer. I Ragin sitt show er det kvalitetsmusikk for alle og ein kvar, framført “live”, som blir forsterka, innpakka i ei visuell draumeverd som me blir med inn i.  Den multi-dimensjonale opplevinga av musikken inkluderer fargar, former, bilete, teksturar, lys, mørke, tjukt, tynt, høgt, lågt, nært, fjernt, gjennomsiktig, solid, skiftande atmosfære og meir.  Ragin Wenk-Wolff sitt multi-mediale konsertshow kombinerer hennar eigen biletkunst med foto- og filmkunst av Kai-Wilhelm Nessler og er produsert av Virtuell-Teater designar Joachim Schamberger. Me får samtidig oppleve musikken med heile 6 ulike kostymer, som harmonerer i Ragin sitt indre rike med fargane og atmosfæren til kvart nummer i programmet.


Forestillinga varar ca 1 time utan pause
 

Ragin Wenk-Wolff frå Lindesnes har nettopp flytta attende til Noreg etter mange år i New York. Ho har bak seg hyppige radio- og TV-opptrednar, uroppføring og CD-innspelingar av fiolin-konsertar komponert for og tileigna henne, (m.a. av Johan Kvandal, Ragnar Söderlind, Knut Nystedt) med orkester som Royal Philharmonic i London,  og også utstillingar av eigen kunst på stader så ulike som Paris og Lyngdal, der ho samtidig også gav konsertar.

Den offisielle debutkonserten hennar i Aulaen i Oslo som 17-åring skapte sensasjon og gav henne Debutantprisen og utallige andre prisar, solist-opptrednar med alle dei store norske orkestra samt konsertar i Europa og USA.

Ragin Wenk-Wolff om det å ha synestesi (at sansane er blanda saman): “Det er en deilig verden å være i. Å forklare hvordan det er, blir som å forklare en blind hvordan det er å være seende, eller å forklare en døv hvordan det er å høre. Det er en ekstra dimensjon som jeg deler med publikum, sier hun.”  - Fædrelandsvennen, 18. september 2013


Tor Espen Aspaas er ein av dei mest profilerte pianistane våre; professor ved Norges musikkhøgskole, ein allsidig musikkformidlar og grunnleggjar av kammermusikkfestivalen Vinterfestspill i Bergstaden på Røros. Han har vore solist med tallrike symfoniorkester i inn- og utland og mottatt ei rekkje utmerkingar, mellom anna Levinprisen 2005 og Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden i 2016. Aspaas fekk USA-debuten sin med ein solorecital i Carnegie Hall våren 2013 og han har meir enn eit dusin kritikarrosa CD-innspelingar bak seg. Han er fascinert av humor i musikk og improviserte parafraser, noko ein nok vil merke i denne forestillinga.


Idé/konsept, produsent, biletkunst og kostymer: Ragin Wenk-Wolff
Virtual theater design og produsent: Joachim Schamberger
Fotograf: Kai-Wilhelm Nessle
Søm: Irene Nilsen

https://www.youtube.com/watch?v=ib62izk4ky8&index=3&list=PL6bUPRVg2DIDYyInHTvMOj122D1qcwT2Q

NOV
25
LAU
IMAGE IN MY MUSIC med Ragin Wenk-Wolff
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
240,-/200,/150,-
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser