Om oss   Kontakt oss         

Make Me Dance

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 9. november 2017

Make Me Dance med lokale TILT-innslag.

Make Me Dance er ein koreografert konsert. Gjennom rørsle, lyd og tekst undersøkjer tre dansarar og éin musikar kvifor dei har endt opp nettopp som profesjonelle kunstnarar. Make Me Dance er ei forestilling som handlar om vala me tek, og om dei små, men samtidig universelle historiene som formar oss som menneske. Før forestillinga syner lokale barn og unge resultata frå TILT-Hallingdal.


NB! Publikum er plasserte på scena (unummerert)



Medverkande:

Koreografi: Anne Holck Ekenes og Pia Holden

Dansarar:
Julie Drønen Ekornes/Nora Martine Svenning
Jens Jeffry Trinidad
Hugo Marmelada

Komponist og musikar: Improvisível (Marcus Amadeus)

Scenografi: Mie Dinesen

Kostyme: Mats Dinesen

Dramaturg: Elin Amundsen Grinaker

Lysdesign: Thomas Evensen

 

Produsert av Brageteatret og Panta Rei Danseteater

 

For meir informasjon om Brageteatret, Panta Rei Danseteater og TILT sjå www.brageteatret.no

Brageteatret AS - Regionteater for Buskerud, eigd av Drammen kommune og Buskerud fylkeskommune, held til på Union Scene i Drammen. Teatret har eit spesielt fokus på forestillingar i perspektiva til barn og unge, noko som m.a. har gjeve dei ansvaret for scenekunsttilbodet i Den kulturelle skolesekken i Buskerud. F.o.m. 2010 fekk teatret utvida oppdraget sitt og har sidan produsert forestillingar til heile befolkinga i Buskerud.

Panta Rei Danseteater (PRD) er eit dansekompani med base i Oslo. Signaturen til kompaniet er forestillingar som engasjerer på ulike plan og er tilgjengelege for eit breit publikum. PRD er blant dei leiande kompania i Noreg for undervisning i kreativ dans for barn og unge.

NOV
9
TOR
Make Me Dance
Stad: Ål kulturhus - Storesalen (un)
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser