Om oss   Kontakt oss         

Matilda (med Skarvebarna)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: 17. september 2017

Fritt etter musikalen og boka av Roald Dahl

Mora til Matilda er berre oppteken av seg sjølv og korleis ho ser ut. Faren driv ei luguber bilforretning, og er ein notorisk juksemakar. Broren Michael er ein enkel gut som berre vil sjå på tv. Matilda derimot, reknar avansert matematikk, les store bøker, fortel fantastiske forteljingar og elskar å gå på biblioteket. Ho er kort sagt ei uvanleg smart jente.

Når Matilda byrjar på skulen blir ho tatt under vengene til frøken Honey, men det varer ikkje lenge før ho møter den fryktinngytande rektoren fru Trunchbull. Trunchbull terroriserer elevane og gjer det ho kan for å audmjuke frøken Honey. Når Matilda får høyre den tragiske livshistoria til frøken Honey blir ho rasande og bestemmer seg for at Trunchbull skal få det ho fortener. Ho tek i bruk mot, gode krefter og ein liten porsjon magi for å hjelpe frøken Honey og alle skuleborna slik at rett blir rett, og det gode sigrar.
 

Dette er Skarvebarna si tredje store musikaloppsetjing på Ål kulturhus. 25 barn og ungdommar mellom 7 og 17 år frå Hovet, Hol og Geilo byr på seg sjølve med song, dans og teater. Forestillinga passar for heile familien.

 

Tilpassing av manus: Hilde Dahlen og Ingjerd Almås Anfinset

Regi og instruksjon: Jonas Rejdemo og Ingjerd Almås Anfinset

Foto: Terje Bjørnsen/Power

 

 

SEP
14
TOR
Matilda (med Skarvebarna)
Stad: Geilo samfunnshus
Pris kr 150/50 inkl.avgift
Kl: 18:00
SEP
15
FRE
Matilda (med Skarvebarna)
Stad: Geilo samfunnshus
Pris kr 150/50 inkl.avgift
Kl: 18:00
SEP
17
SUN
Matilda (med Skarvebarna)
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr 150/80,-
Kl: 16:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser