Om oss   Kontakt oss         

Musikk e komme for å bli

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 1. november

Heine Totland og Gisle Børge Styve har greidd å etablere noko heilt spesielt. Utan eigentleg å ha gjort noko særleg meir saman enn å spele mange konsertar, har dei etablert eit stadig større og svært trufast publikum. Til saman har dei noko «magisk» som det er vanskeleg å setje ord på. Publikum er begeistra, og dei to vestlendingane gler seg over kvarandre og publikummet sitt.

Gisle Børge og Heine kom saman ved ei slags tilfeldigheit i ein episode av Beat For Beat i 1999. Dei gjorde ein fantastisk versjon av klassikaren «He Ain´t Heavy», og den har seinare vorte eitt av dei mest populære klippa frå programmet på YouTube. Etter dette byrja dei frå tid til annan å opptre saman. I 2006 bestemte dei seg for å lage eit heilt konsertprogram og dei byrja å gjere offentlege konsertar. Billettsalget var påfallande godt, og sidan har dei aldri sett seg attende. I 2014 sette dei saman ei forestilling på sin eigen måte; og den vart kalla «Musikk e komme for å bli». Her foreinar dei nok ein gong musikalitet, humor, grenselaus energi og rein skjær glede. Dei hadde premiere på Ole Bull i Bergen i november 2014 og på Latter i Oslo i januar 2016. Sidan har dei selt over 40 000 billettar, og dei held fram med å turnére over heile landet også i 2017.

Gled deg til ei fantastisk musikalsk og morosam stund!

 

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga.
Middagsserveringa startar 2 timar før førestilling, samt at det gjeld utvalde rettar kvar gong.

Stad: Thon Hotell Hallingdal
Tid: Middagsservering kl. 17.00
 

MENY: 
• Svin ytrefilet med bearnaise, grønnsaksterrin og amadinepotetar
• Sjokolademousse med hint av appelsin m/jordbærcoulis

Sjå eigen billettkategori.

NOV
1
ONS
Heine Totland og Gisle Børge Styve
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr 375,-
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser