Om oss   Kontakt oss         

Dr. Bergland bryter taushetsplikten

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 7. desember

Vinnar Komiprisen 2017 – Årets standupkomikar

Ein god latter forlengar livet!

Jonas Kinge Bergland er attende med ei splitter ny forestilling etter suksessen med den kritikarrosa «Dr. Bergland og den alternative medisin».

Symptoma dine: støl i magemusklane, sliten i kjevemusklane, inkontinens, sterk rytmisk aktivitet i pusteorgana, krampeliknande reaksjonar (type latter), auka produksjon av endorfin, auka pusteevne, hjarta slår fortare, harmoni, avspenning og generelt velvere.

Diagnose: du er i ferd med å le deg i hel av «Dr. Bergland bryter taushetsplikten».


Jonas Kinge Bergland er komikar, lege og idrettsutøvar frå Holmlia utanfor Oslo. Gjorde seg også bemerka med andreplass i 2016-utgåva av «71 grader nord – Norges tøffeste kjendis».

 

Dette sa pressa etter den forrige forestillinga:

Dagbladet – Dr. Bergland burde fås på blå resept
Aftenposten – En fastlege som kurerer
VG – Nok latter til en livsforlengende aften


Av og med: Jonas Bergland
Regi: Vemund Vik

 

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga startar.
Middagsserveringa startar 2 timar før førestilling, samt at det gjeld utvalde rettar kvar gong.

Stad: Thon Hotell Hallingdal
Tid: Middagsservering kl. 17.00

MENY: 
• Juletallerken - ein smak av jul!
• Riskrem med raud saus

Sjå eigen billettkategori.

DES
7
TOR
Dr. Bergland bryter taushetsplikten
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr 350
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser