Om oss   Kontakt oss         

Knut Myran: Slåttevandring frå Numedal til Telemark

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 7. september 2017

Meisterspelemannen Knut Myrann fylte 85 år i januar, men har ikkje lagt fela på hylla.

Ål bibliotek inviterer til intimkonsert i biblioteket med denne nestoren. Han tek oss med på ei slåttevandring frå Nore i Numedal, der han sjølv vaks opp, til Telemark.
Kontakten mellom Numedal og Telemark gjennom hundrevis av år har prega slåttespelet begge stader.
Sjølv har Knut mang ein gong reist vegen frå Nore til Tinn for å læra felespel.

Knut Myrann vann landskappleiken på hardingfele i 1973 og i 1976 og er mellom
anna æresmedlem i Landslaget for spelemenn. Etter konserten vil det bli høve til
å kjøpe CD-plata «Frå Numedal til Tinn», som Knut Myrann ga ut i fjor.

GRATIS INNGANG og enkel servering. Stad: Ål bibliotek.

 

SEP
7
TOR
Knut Myran: Slåttevandring frå Numedal til Telemar
Stad: Ål bibliotek
GRATIS (ikkje behov for billett)
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser