Om oss   Kontakt oss         

Ali Baba og Baba Lillelam

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 7. oktober 2017

Igor og Almir byr på ein herleg konsert for små og store!

Historia handlar om Igor som var på asylmottak då han var liten. Der fekk han mange fetterar - Ali Baba, Baba Lillelam og Lille Lam Nam Ham. Saman leikte dei og lagde songar. Så reiste alle kvar sin veg. Igor tok songane med i studio og tente masse pengar på dei. No vil han dele pengane med fetterane, men dei er ikkje til å spore opp. Tru om dei er å finne nokon stad?

Etter konserten kan du lage eit brev som samtidig er ein konvolutt. Kanskje du vil sende det til nokon du ikkje har sett på lenge? Eller til ein du er veldig, veldig glad i?

Passar frå 4 år og oppover.

Manus og skodespel:
Igor Dunderovic

Igors favoritt-trekkspelar: Almir Meskovic

GRATIS INNGANG. Stad: Ål bibliotek.

OKT
7
LAU
Ali Baba og Baba Lillelam
Stad: Ål bibliotek
GRATIS (ikkje behov for billett)
Kl: 14:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser