Om oss   Kontakt oss         

Tollef Thorsnes (Ål kyrkje/Ål kyrkjeakademi)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 13. oktober 2017

Ål kyrkje og Ål Kyrkjeakademi presenterer:

Tollef Thorsnes, utstillingsopning og foredraget 'No mercy – No dignity'

Tollef Thorsnes har ei årrekkje arbeidd i tre, ofte med kyrkjerommet sine omgjevnader som inspirasjonskjelde. Ål kyrkje har vore i kontakt med Thorsnes over tid. Denne kontakten, og eit opphald på Leveld kunstnartun har munna ut i ei utstilling litt utanom det vanlege. Her er kunstobjekt i grovt tre kombinert med tekstar som får oss til å vakne!

Kunstnaren er innom ordpar som «i bevegelse - ingen grenser», «kjerne og fragment» samt «ingen nåde - ingen verdighet». Dette er grunnleggjande omgrep for liv, vekst, samhald og tru. Utstillingsopninga inneheld musikalske innslag, foredrag og refleksjon kring det ein ser og gjer seg tankar om. Kyrkeakademiet inviterer folk frå ulike trusretningar til samtale om sentrale verdiar som er like aktuelle lokalt som globalt.

 

OKT
13
FRE
Tollef Thorsnes (Ål kyrkje/Ål kyrkjeakademi)
Stad: Ål kyrkje
Kr 150/120,-
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser