Om oss   Kontakt oss         

Bokmessa i Hallingdal

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: 17. nov og 18. nov

 

FREDAG:

Årets bokmesse opnar med lyrikk og musikk i biblioteket på fredag kveld. Odveig Klyve framfører tekstar frå diktsamlinga «La oss ta den blå himmelen med storm» saman med musikarane Erlend Apneseth og Stephan Meidell. Dikta fortel historia om utbygginga av montermastene i Hardanger og tematiserer konflikt mellom menneske og natur. Musikken vekslar mellom det komponerte og improviserte og blir framført på hardingfele, gitar og elektronikk.

 

LAURDAG:

Laurdag byr me på gode forfattarsamtaler, presentasjon av årets lokale bøker, stort boktorg og open kafé heile dagen.

Det blir eige barneprogram med blant anna den musikalske teaterforestillinga «Andungen», basert på eventyret Den stygge andungen av H.C. Andersen.
Forestillinga høver for barn i alderen 3 til 8 år og varer i om lag 35-40 minutt.

 

Datoar: Fredag 17. november kl. 1930 og laurdag 18. november kl. 1200
Enkeltbillett kr. 100,- per arrangement/Barn u/12 år gratis (trenger ikkje billett).

Fellesbillett fredag/laurdag kr. 250,-

Oversikt over alle enkeltarrangement kjem seinare.

NOV
17
FRE
Bokmessa i Hallingdal
Stad: Ål kulturhus
Kr 250/100,-
Kl: 19:30
NOV
18
LAU
Bokmessa i Hallingdal
Stad: Ål kulturhus
Kr 250/100,-
Kl: 12:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser