Om oss   Kontakt oss         

Trollmannen frå Oz (Riksteatret)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 14. februar 2018

Bli med til den andre sida - Somewhere Over the Rainbow.

Me har alle høyrt om Dorothy - den vesle jenta som blir virvla opp av ein tornado og feia av garde til trolldomslandet på den andre sida av regnbogen! 

Undervegs til Smaragdbyen og Trollmannen møter ho tre underlege fyrar – Blikkmann, som så inderleg ynskjer seg eit hjarte, Fugleskremselet, som så gjerne vil ha ein hjerne å tenke med, og den livredde Løva, som håpar han ein dag skal bli modig, han òg. Men fyrst når dei har fått has på Den vonde heksa finn dei det dei eigentleg leitar etter – trua på seg sjølve, og trua på andre. Og då finn Dorothy også vegen heim!

Det er gått mange år sidan sist Riksteatret sette opp ein skikkeleg musikal. No skal dei endeleg gjere det att. Og då har dei like godt valt ein av dei verkeleg store klassikarane: Trollmannen frå Oz. Det er jo ingenting som på same måten samlar eit publikum på tvers av generasjonane som musikkteatret. 
 
Som Dorothy får du møte den nye stjerna Mari Lerberg Fossum. Ho har tidlegare gjort suksess både som Sophie i Mamma Mia og Belle i Skjønnheten og udyret. Og regien er ved multitalentet Alan Lucien Øyen, som gjennom dei seinaste åra har vunne seg eit stadig større namn, også langt utanfor landets grenser.  
I han har norsk teater fått seg ein ny trollmann, og han lovar oss ei fargerik, frodig og livsglad forestilling, for eit eventyrlystent publikum i alle aldrar.

Premiere i Nydalen, Oslo 18. januar 
Turnépremiere på Hamar 25. januar
 

 

På scena
Mari Lerberg Fossum, med fleire (blir kunngjort seinare).

Team
Regissør: Alan Lucien Øyen
Scenograf: Leiko Fuseya
Kostymedesignar: Stine Sjøgren
Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause).

Produsert av Riksteatret

FEB
14
ONS
Trollmannen fra Oz (Riksteatret)
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser