Om oss   Kontakt oss         

Prisen

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 13. april 2018

Får me det livet me fortener?

Arthur Miller er ein av dei mest akta og populære dramatikarane i USA. Miller står dessutan tydeleg i tradisjonen etter Ibsen, og har difor ein særleg appell til oss her i landet. I Riksteatret si oppsetjing møter du Kim Haugen, Helge Jordal, Iren Reppen og Per Frisch. Prisen vart nyleg sett opp på Broadway med Danny DeVito i ei av rollene og Obama på besøk. 

To vaksne brør møtast for å fordele det som står att på loftet etter den avdøde far deira. Dei har ikkje sett kvarandre på mange år - den eine valde plikta, den andre karrieren. Yngstebroren har med kona, som håpar denne arven kanskje betyr byrjinga på noko nytt. Og så har dei fått tak i ein gamal brukthandlar for å få arvegodset verdsett. Men denne brukthandlaren har levd eit langt og omskifteleg liv. Han veit at det sjeldan er samsvar mellom prisen du betalar og verdien av det du får. 

Prisen er eit intenst kammerspel for fire menneske som kvar på sitt vis har prøvd å vere tru både mot eigne moglegheiter og mot krava frå omgjevnadane. Men: har dei betalt ein for høg pris for livsvala dei har tatt? Det er spennande, det er opprivande – og det er underhaldande!

Med denne oppsetjinga skal Riksteatret by på teater med ei vittig, engasjerande og utfordrande tekst, levandegjort av fire store skodespelarpersonlegheiter, signert regissør Kjetil Bang-Hansen. Det er når prosjekt som dette kjem på besøk til heile landet, at Riksteatret både blir unikt og nødvendig.

Premiere i Nydalen, Oslo 9. februar
Turnépremiere i Verdal 12. februar


På scena
Per Frisch, Kim Haugen, Helge Jordal og Iren Reppen.


Team
Regissør: Kjetil Bang-Hansen
Scenograf: John-Kristian Alsaker
Produsent: Anita Basmo Bjørnstad

Forestillingslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).

Produsert av Riksteatret

 

APR
13
FRE
Prisen
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser