Om oss   Kontakt oss         

Storhelg i Hallingdal

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: 20.-22. oktober

For fjerde året arrangerer Hallingdal Juniorspelemannslag, i samarbeid med Ål kulturhus og folkemusikkmiljøet i dalen, Storehelg i Hallingdal. Her er det kurs i spel, song og dans for ungdom frå 14 år, og i tillegg er det opne forestillingar.


Storhelga opnar fredag 20. oktober med konsert og danseforestilling på Sundrehall med Sudan Dudan og Kartellet:

Sudan Dudan består av Marit Karlberg (vokal og langeleik) og Anders Erik Røine (vokal, gitar, fele og munnharpe) frå Valdres.
Med utgangspunkt i slåttemusikk, har dei to tøygd rammene for norsk folkemusikk. Ein kan høyre spor av amerikansk fjellmusikk 
og afrikansk ørkenblues i den rammesprengjande innstillinga deira til musikk.

DoPPler m/Kartellet:
Forestillinga DoPPler hadde premiére på Nordland Musikkfestuke i 2015, og fekk Kritikarprisen 2015/2016 for beste danseforestilling. DoPPler er ein upretensiøs og leiken studie i kvinne- og mannesinnet. Sinn som kan vere både ubereknelege, voldsame, kjærlege, bitre og omsorgsfulle. Tre mannlege dansarar frå Kartellet vil gjennom idrettsleik, folkedans og akrobatikk balansere på ein egg av alvor, banalitet og ømheit. Alt pakka inn i ei atmosfære av nyskriven folkemusikalsk rytmikk, klang og stille frå musikaren.
Dansarar: Eirik Fuglesteg Luksengard, Ådne Kolbjørnshus og Inge Martin Helgesen.
Fele: Einar Olav Larsen.


Sundag 22. oktober kan du få med deg den spennande forestillinga "Meister og elev" i Ål kulturhus. Her stiller artistane som har vore instruktørar gjennom helga opp på scena saman med eit 50-tals ungdomar. Av instruktørar kan me nemne Olav Luksengard Mjelva, Unni Boksasp, Frank Henrik Rolland, Johanne Løkensgard Mjøs, Jan Beitohaugen Granli, Ingrid Lingaas Fossum, Kristoffer Kleiveland, Rasmus Kjorstad, Ådne Kolbjørnshus og Ole Nilssen. Med andre ord ei forrykande folkemusikalsk stund!


Få med deg både fredag og sundag - kjøp fellesbillett!
Denne kjøper du under "Meister og elev".


 

OKT
20
FRE
Storhelg i Hallingdal - Sudan Dudan og Kartellet
Stad: Sundrehall
Kl: 19:30
OKT
22
SUN
Storhelg i Hallingdal - Meister og elev
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 15:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser