Om oss   Kontakt oss         

Rengård & Frøystein

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Sundag 26. november

NB! Konserten er på Leveld Kunstnartun

Rengård & Frøystein spelar med strenger, trommer, synthar og analog teknikk. Lydar som er tekne frå dagleglivet på ein gard i Hallingdal gjev liv til konserten der duoen sveivar i gang tilhøyraren sin indre film, og gjev opplevingar med både gode kjensler og spenning. Det er lov å danse, men ver merksam på brutale basslinjer, skakk rytmikk og abstrakte syntetiske klangar. Den som leitar etter det urørte har noko i vente med Rengård & Frøystein.

NOV
26
SUN
Rengård & Frøystein (Fryd scene)
Stad: Leveld Kunstnartun
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser