Om oss   Kontakt oss         

Spørsmål og svar:

Korleis registrere meg som brukar av Hallingbillett?

Velg «Bli medlem» og fyll ut skjema som kjem opp. Epostadressa som du registrerer, vil vera ditt brukarnamn. Du vil få tilsendt ein epost med stadfesting av registreringa og passord. Du kan ta i bruk billettløysinga umiddelbart etter registrering.

Korleis kjem eg i kontakt med Hallingbillett?

Kontaktinformasjon for Hallingbillett finn du på denne sida. Ein får raskast kontakt med oss ved å sende epost til post@hallingbillett.no.

Kva er Hallingbillett.no?

Hallingbillett er eit samarbeidsprosjekt mellom Hallingdølen og Ringbillett som tilbyr ein portal for bestilling og marknadsføring av billettar til arrangement innanfor vårt distrikt.

Er det sikkert å handle på nett ?

Me nyttar sikker kommunikasjon mellom våre system og din maskin. Dette kan du sjå ved at du nederst i høgre hjørne på nettlesaren har ein hengelås. Denne viser at kommunikasjonen går kryptert og ikkje kan avlyttes. Godkjenning av kortinformasjon og transaksjonane blir gjort av Bankenes Betalingssentral.

Fakturering

Ved kjøp av billettar frå Hallingbillett via faktura kjem det på eit fakturagebyr.

Før bestilling:

Kvifor må eg registrere meg?

For å bestille billettar på Hallingbillett må du vera registrert brukar. På denne måten veit me kor me skal sende billettane du bestiller. Som medlem loggar du deg enkelt inn på sidene neste gong du skal bestille billett til eit arrangement. Ved hjelp av den registrerte informasjonen, vil Hallingbillett kunne tilby deg fortløpande informasjon om arrangement som kan vera av interesse for deg.

Kan eg bestille på e-post eller telefon?

Me har ikkje høve til å handtere bestillingar manuelt. For bestilling av billettar bruk bestillingssystemet på www.hallingbillett.no.

Ved bestilling:

Kva er CVV2-feltet som står på sida kor eg skal taste inn kortinformasjon? CVV2 er ein ytterlegare sikkerheit for at du har originalkortet. Dersom du snur kortet og ser på signaturfeltet bak,vil du sjå at det står fire siffer, mellomrom og tre siffer. Dei tre siste siffera er CVV2. Ikkje alle kort krev at du skriv inn CVV2 for å godkjenne kortnummeret.

Etter bestilling :

Korleis får eg tak i billettane etter at eg har kjøpt dei? Korleis du får billettane står oppgitt når du bestiller og på e-posten du mottek frå oss når kjøpet er godkjent.

Kan eg annullere billettkjøpet?

Det er opp til arrangøren om du kan annulere kjøp av billettar. Ønskjer du å annulere kjøpet, må du ta kontakt med arrangøren.

Avlyste eller flytta arrangement

Arrangørar kan i visse høve måtte avlyse eller flytte arrangement. Ved avlyste arrangement vil billetten bli refundert etter arrangøren sine betalingsbestemmelsar, men ikkje seinare enn 60 dager etter arrangementsdato. Serviceavgifter blir ikkje refundert.

Billettar til arrangement som er flytta er framleis gyldige, og kan nyttast til ny dato. For meir informasjon, kontakt oss.

Refundering og bytting av billettar

Det er viktig å forsikre seg om at ein har valt riktige billettar før billettreservasjonen blir bekrefta. Hallingbillett kan ikkje refundere billettar som alt er kjøpt, eller bytte desse mot andre billettar.

For arrangørar:

Korleis kan eg selge mine billetter på denne sida? Ta kontakt med Hallingbillett for ein demonstrasjon. Her vil me syne kva me kan gjera for deg.

Andre spørsmål:

Ta kontakt med Hallingbillett.no for informasjon og svar.

Annonser