Om oss   Kontakt oss         
Om Hallingbillett
Hallingbillett har som som målsetting å vera ein portal for små og store arrangement innanfor distriktet vårt og vera eit naturleg utgangspunkt for å få informasjon om kva som skjer. Ved hjelp av internetteknologi skal du raskt og enkelt kjøpa og betala for billettar til dei arrangementa du ynskjer å delta på. Hallingbillett.no skal tilby informasjon om arrangement til vitjande på portalen og tilby billettar til konkurransedyktige prisar.

Samarbeidspartnarar for Hallingbillett er Hallingdølen og Ringbillett. 

Portalen/Handelssystemet:

Portalen er kjernen i Hallingbillett informasjonskanalen sin og handelssystem. Ved hjelp av moderne internetteknologi er det mulig med online bestilling og betaling av billettar til arrangementa. Ved hjelp av administrasjonssider kan arrangørane ha løpande oversyn over kor mange billettar som er selt til kvart arrangement.

Medlemmane:

Det er gratis for alle som ynskjer å verta medlem av Hallingbillett. Som medlem vil du motta løpande informasjon om kva som føregår i distriktet. På ein enkel måte kan du kjøpa billettar til dei arrangementa du ynskjer å delta på. Som medlem vil du ha tilgjenge til dei beste billettane.

Arrangørane:

Hallingbillett tilbyr eit utval tenester til dei som står bak arrangementa. Ved bruk av Hallingbillett forenklar ein rutinar som sal av billettar, betaling og trykk av billettar. Arrangørane får òg tilgjenge til å bruka Hallingbillett.no som informasjonkanal og å bruka portalen for markedsføring. I staden for å bruka mykje tid og ressursar på desse oppgåvene kan innsatsen brukast på å laga gode arrangement. Oversynet over arrangørar som brukar Hallingbillett.no finn du på denne sida.

Ynskjer du tilgjenge til tenestene våre til arrangementet ditt? Ta kontakt med oss for informasjon.

Meir info: For meir informasjon om Hallingbillett eller tenestene våre ta gjerne kontakt med oss.

 

Tilbake til forsiden

Annonser