Velkommen til Hallingbillett, din lokale billettportal!

Framsida Arrangement Sida mi Handlekurv Login Bli medlem Gåvekort Kontakt oss ×
Framsida

Merk!

Billettsalget til dette arrangementet sluttet: 23. september 2019

Tonje Halbjørhus med band

Med el-gitar, mandolin og ærlege tekstar på halling skapar Tonje Halbjørhus eit musikalsk uttrykk i krysningspunktet mellom folk, visepop og americana. Ho tek lyttaren med på ei reise inn i vare tankar og sår kvardagsmelankoli der ein likevel alltid kan skimte håpet.

Tonje har sjølv skrive musikken og produsert det nye albumet sitt Etter Stjernene. Låtskrivinga har foregått heime i stova, samt ute i verda på reiser til byar som Nashville og Stockholm. Albumet vart spelt inn i kjende Amper Tone Studio i Oslo saman med nokre av landets fremste musikarar og med Bård Ingebrigtsen bak miksebordet. Gjennom eit unikt samspel har dei gjeve musikken eit organisk og upolert lydbilete som framhevar kontrastane i det sarte og det råe.

Tonje Halbjørhus vaks opp i Hemsedal og er busett i Oslo. Debutalbumet gav ho ut i 2016 med påfølgjande turné. Albumet fekk gode kritikkar, mellom anna skreiv Dagens Næringsliv dette: Imponerende folkevisepop. Gjør ikke skam på tidligere hallingdalsartister.
Deretter reiste Tonje ut i verda for å skrive ny musikk. Ho gav ut to enkeltståande låtar i 2017 som førte til radiospeling på P1, P2 og P3 og livespeling i beste sendetid på NRK1. Tonje spelar jevnleg konsertar og etter ein omfattande turné i Noreg våren 2018 var det endeleg tid for å lage nytt album. Etter Stjernene vart lansert våren 2019 og no følgjer turnélivet.

 

Info:

Tid:

Laurdag 12. oktober

Stad:

Ål kulturhus

Forestillinger:

Annonser:

Kart:

Tilbakemeldinger: