Velkommen til Hallingbillett, din lokale billettportal!

Framsida Arrangement Sida mi Handlekurv Login Bli medlem Gåvekort Kontakt oss ×
Framsida

Merk!

Billettsalget til dette arrangementet sluttet: 10. november 2019

World Music for the Soul (Colorado USA)

Acoustic Eidolon
Hannah Alkire, fiolincello og vokal
Joe Scott, Double-neck Guitjo, gitar og vokal
Thomas Loefke, keltisk harpe

Om denne musikken kan det seiast at dette er berre vakkert!

Hannah Alkire er utdanna klassisk cellist og har bakgrunn som studiomusikar. Hannah har kombinert dette med «frispeling» i mange ulike band med funk, rock, bluegrass, alt frå Dvorak til Led Zeppelin.

Joe Scott har studert så godt som alle stilartar innan elektrisk og akustisk gitar. Har vore aktiv musikar i kjente band i Colorado Rocky Mountains sidan 1980 talet, bluegrass, folk og rock. Har utvikla sin eigen 14 strengs akustiske «double-neck guitjo», dobbelhalsa gitar. Med heilt unik traktering av dette instrumentet skapar Joe musikkbilete som eit heilt orkester.

Sidan tidleg på 2000 talet har Hannah og Joe slått saman musikarliv og private liv og turnert verda rundt med sin «world music for the soul». Acoustic Eidolon hadde konsert på Fausko mai 2016. På årets Europaturné har gruppa konsertar i Tyskland og Norge, og dei avsluttar sitt norgesbesøk på Fausko 10 nov. Med seg på denne turneen deltek også den tyske musikaren Thomas Loefke på keltisk harpe.

Info:

Tid:

10. november 2019

Stad:

Fauskolåven

Forestillinger:

Annonser:

Kart:

Tilbakemeldinger: