Velkommen til Hallingbillett, din lokale billettportal!

Framsida Arrangement Sida mi Handlekurv Login Bli medlem Gåvekort Kontakt oss ×
Framsida

Merk!

Billettsalget til dette arrangementet sluttet: 24. mars 2020

Kråkesølv gjer 70-talet

På med rockefoten!

Bli med koret Kråkesølv attende til 70-talet. Alle tiår har sin musikk, og denne gongen har hallingdalskoret Kråkesølv samla nokon av 70-talet sine hits i ein pakke.

Med 21 songarar og 4-manns orkester blir det servert ei god blanding av pop og rock frå inn- og utland. Repertoaret spenner frå Grand Prix låtar til rock, ispedd hippifargar og glamour. Det luktar engasjement og fridom frå tiåret som bobla over av glitter og glam, teatralsk sminka, store hårlokkar og uavgrensa sleng i buksebeina.

Musikalsk leiar og dirigent Målfrid Breivik har plukka songar frå blant anna The Carpenters, Stevie Wonder, Eric Clapton, Abba, Jan Eggum, Paul Simon og Queen. Det handlar om musikalske høgdepunkt frå lun kjærleikssong til dampande rock. Me er svært nøgd med å ha fått med oss Kikkan Haraldset på gitar, Geir Hovden på tangenter, Bjørn-Wiggo Engen på bass og Espen Bergo på slagverk.

Koret har øvd i over eit år, fram til premieren på Hjarterommet i Gol 22. mars. Vidare går ferda til Kulturhuset Banken i Nesbyen den 23. mars og siste sjanse er på Sundrehall den 24. mars. Me håpar mange vil få med seg denne unike sjansen til å mimre i lag med oss.

Info:

Tid:

22., 23. og 24. mars 2020

Stad:

Gol, Nesbyen og Ål

Forestillinger:

Annonser:

Kart:

Tilbakemeldinger: