Velkommen til Hallingbillett, din lokale billettportal!

Framsida Arrangement Sida mi Handlekurv Login Bli medlem Gåvekort Kontakt oss ×
Framsida

Bjørneboe 100 år

Sumrane i Leveld var viktige for forfattaren og samfunnsrefsaren Jens Bjørneboe, som i år ville fylt 100 år. På 1950-talet tilbrakte han fleire av dei her, og stabburet han kjøpte, står i dag på Leveld Kunstnartun. I år ville dessutan forfattaren fylt 100 år.

Sundag 23. august blir det difor Bjørneboe-dag på tunet.

Vi inviterer til konsert med Julie Kleive og Joachim Kwetzinsky, som skal framføre nykomponert musikk av Marcus Paus til tekstar av Bjørneboe.

Litteraturvitar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin leier ei samtale om Bjørneboes forfattarskap, og kunstnar Eva Schjølberg presenterer eit heilt nytt, ikkje tidlegare vist, installasjonsverk inspirert av Bjørneboe-loftet.

Komponist og samtidsmusikar Mike McCormick heldt konsert inne i stabburet, og vi syner ein film inspirert av Leveld og Bjørneboe av den israelske kunstnaren Shir Handelsman.

Det blir også omvisningar, aktivitetar for born og sal av mat og drikke. For fullt program og oppdateringar, følg Leveld Kunstnartun på Facebook.

Info:

Tid:

23. august 2020

Stad:

Leveld Kunstnartun

Forestillinger:

23. august 2020
kl. 12:00

Bjørneboe 100 år

Sted: Leveld Kunstnartun | Kr 325/275/120,- (inkl.avgift). Born under 3 år gratis
Finn billettar >>
Annonser:

Kart:

Tilbakemeldinger: