Velkommen til Hallingbillett, din lokale billettportal!

Framsida Arrangement Sida mi Handlekurv Login Bli medlem Gåvekort Kontakt oss ×
Framsida

Merk!

Billettsalget til dette arrangementet sluttet: 5. september 2020

ÅLiLAG

“Me skulle ikkje berre gjort noko i lag?“ Folkemusikkveka har styremøte på Zoom, midt i mørkaste koronatid, mars 2020. "Ko hadde skjedd om Sundreball, Huckfest, Stabbursfrieri og Folkemusikkveka hadde slått se i lag? Ein kveld, full trøkk, Ål in?"

Nokre månadar seinare sitt festivalleiarane i eit møterom på eit stengd Ål Kulturhus. Med 1 m avstand seg i mellom vert idear fyrst litt forsiktig, etterkvart ivrig, kasta ut på bordet. Eit "krisebudsjett" vert laga, ei skisse formar seg.
"Så me går for det?"
Blikk sendast rundt bordet, smil, eit og anna nikk.
"Kem ringe Hallingdølen?"

Korona har dempa kulturlivet lenge, men i september sler me oss i lag for ei kulturell koronafrigjering! Fire forskjellige festivalar går inn med det beste dei har, og laurdag 5. september 2020 kan du for fyrste gong oppleve kva som skjer når Ål sine “fire store” går saman om å fóre kultursvoltne artistar og publikummarar.
Arenaen er sjølvsagt lokala der hallingar har samla seg til festlege lag i fleire generasjonar, gode gamle Sundrehall.

Fire festivalar på ein kveld; Sykkel møter springar møter samtidsmusikk møter... Sundreballing. Dette blir ein kultur-kræsj-fest utan like!

Artistar og program vert sleppt fortløpende, men billettar er allereie lagt ut - maks 200 stk i fyrste omgang.

Så attende til spørsmålet frå Zoom-møtet i mars:
“Kva skjer når Sundreball, Huckfest, Stabbursfrieri og Folkemusikkveka slår seg saman?”

For å finne ut av det må du kjøpe deg billettar til AALILAG 5.september 2020!

Info:

Tid:

5. september 2020

Stad:

Sundrehall

Forestillinger:

Annonser:

Kart:

Tilbakemeldinger: