Velkommen til Hallingbillett, din lokale billettportal!

Framsida Arrangement Sida mi Handlekurv Login Bli medlem Gåvekort Kontakt oss ×
Framsida

Fauskivalen 2021

Daniel Kvammen på Fauskivalen laurdag 14. august kl 17

Fauskivalen har i alle år lagt mykje vekt på å presentere artistar med lokal tilknyting. Daniel Kvammen har spelt konserter på alt frå landets største festivalar til ein mykje omtala hytte-turné på Hardangervidda. Som låtskrivar på godt hallingmål har han for lengst bekrefta sin posisjon som publikumsfavoritt og solid liveartist. Med sine underfundige og fengande låtar sette han Geilo på kartet i ein imponerande kombinasjon av bygde- og urbanromantikk. Debuten «Fremad i alle retninga» resulterte i heile tre Spellmann-nominasjonar. Og sidan har det berre gått oppover! For tida er han ute med vinterens kanskje finaste duett med Gabrielle med den vakre kjærleikslåten Me to er ein evighet.

…«Me skal endelig ut på ut på tur igjen. Det er for lenge sidan me har sett kvarandre, og det er for lenge sidan me har synge i lag. No er det nok! I sommar reiser me endelig rundt for å skape glede og røre igjen. Etter eit år med tunge tak er me klar for allsang, fest, gledestårer og moro! Som Gunnvor Hofmo ei gong sa «Eg vil heime til menneske». Sjåast snart, alle saman! Og hugs: Den tyngste turen kan bli den finaste du får…Kjærleik frå Daniel»

Fauskivalen nr. 12. Festivalen vidarefører opplegget frå 2020 med musikk frå tre scener. Fyrispel på utescene, hovudkonsert på Amfitoppen, og nachspiel med pub på låven. Det blir lagt ut 200 billettar. Om etterspørselen blir god, så blir det lagt til rette for at heile konsertprogrammet kan køyrast gjennom to gonger. Artistar på utescenen og låven blir presentert seinare. Ung i Fauskivalen blir fredag 13 august og Hemsedal kyrkje har musikkmesse med Bob Dylan sin musikk som tema sundag 15. august. Me ynskjer å slå eit slag for å få kulturlivet og musikkglade folk ut av koronadvalen!

Begrensa antal billettar, 200. Kjøp billettar no!
NB: Billettprisen (minus gebyr) blir refundert dersom festivalen blir avlyst grunna korona.

Laurdagsbillett 13 august kr 580 / 12 – 18 år 290.

Velkomen til sommaren musikkfest i Hemsedal?

Info:

Tid:

13. til 15. august 2021

Stad:

Fausko Skysstasjon

Forestillinger:

14. august 2021
kl. 17:00

Fauskivalen 2021 - Daniel Kvammen

Sted: Fausko Skysstasjon | Kr 580/290,- (inkl.avgift).
Finn billettar >>
Annonser:

Kart:

Tilbakemeldinger: