Om oss   Kontakt oss         

Henning Kvitnes & gutta i bandet

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 17. oktober

”40 år på veien – og 60 runder rundt sola”

På seinsommaren 2018 slepp Henning Kvitnes eit nytt album; 60 runder rundt sola – og feirar samtidig 40 år på vegen med ein turné med ”Gutta i Bandet”. Seks guttær på scena og venteleg fullt i salen.

Turnéen blir ingen mimring i gamal grut, men ei blanding av nye songar, dei mest kjende, og nokre gløymde eller gøymde perler frå den svært store samlinga hans av songar på norsk. 

Det var eigentleg ikkje meininga å gje ut fleire album, men songar pressa seg på og ville ut i verda – og eit trufast publikum fortener noko nytt…

Poetisk, melodiøst, rocka, humoristisk og personleg er stikkord - frå ein jordnær sangpoet frå heilt søraust i landet som dei siste 10 -15 åra har hatt ei eventyrleg publikumsoppslutning.

 

På Scena:

Henning  Kvitnes:                            Sang og gitar

Freddy Holm:                                   Div. strengeinstrumenter, kor

Eivind Ystrøm Petersen:                 Gitar og kor

Jon-Willy Rydningen:                      Div. tangentar

Tor Hauge:                                      Trommer og perkusjon

Rino Johannessen:                          Bass og kor          

OKT
17
ONS
Henning Kvitnes & gutta i bandet
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser