Om oss   Kontakt oss         

Dobbelt begjær

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Ein psykoseksuell thrillar frå François Ozon.

Den vakre galleristen Chloé slit med kroniske magesmerter, og blir rådd til å oppsøkje psykolog for å avgjere kor vidt lidinga er psykosomatisk. Møtet med psykologen Paul gjer imidlertid langt meir enn å kurere mageproblema hennar: Dei to forelskar seg og flyttar saman, og etter kvart antydar Paul at Chloé bør finne ein ny terapeut. Tilfeldig blir ho leidd til kjærasten sin identiske tvillingbror Louis, som også er psykolog, men som er like kynisk og sadistisk som Paul er kjærleg og omtenksam. Og når dei to innleiar eit intenst seksuelt forhold, viklar Chloé seg inn i eit livsfarleg nett av løgner og intrigar.

François Ozon er ein leiken regissør som ikkje likar å gjenta seg, og dermed er det berre rett og rimeleg at oppfølgjaren hans til det smakfulle, svart-kvite kjærleiksdramaet FRANTZ (2016) er ein kinky, 90-tallsinspirert erotisk thrillar. Med ein aura av sjølvbevisst camp er Dobbelt begjær ein psykoseksuell spenningsfilm i tradisjonen etter Brian De Palma og Paul Verhoeven.


Aldersgrense: 15 år
Lengde: 1 time og 48 minutt



Sjå trailer her

 

 

 

APR
27
FRE
Dobbelt begjær
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 20:30
APR
29
SUN
Dobbelt begjær
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser