Om oss   Kontakt oss         

Sankthansnatt på Inderøen

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: 19. november 2018

Er du mørkredd på sankthansnatta?

”Sankthansnatt på Inderøen” er eit danseeventyr frå ein magisk sommarfest på Inderøy.

Koreograf Odd Johan Fritzøe byr på ein heilaftens forestilling med nyskriven musikk av fiolinist Gjermund Larsen frå Verdal.

Saman med dansarane Elisabeth Christine Holth, Guro Gulstad, Severin Romer Iversen og Aleksander Aarø skaper dei eit spel mellom bekymringslause og festglade ungdomar med element frå folkemusikk og folkeeventyr. 

Den lette stemningen og sommarfesten får ei brå vending når ein svart bjørn dukkar opp.

 

"Det blir ei magisk danseforestilling med festglad ungdom på sankthansfeiring. Eg har henta inspirasjon frå biletet ”Sankthansnatt” av målaren Einar Øfsti, landskapet på Inderøy, mytane frå folkeeventyr og folkemusikk", seier Fritzøe, som har med seg fire unge dansarar i forestillinga.

 

Forestillinga har premiere under Hilmarfestivalen i Steinkjer 10.november 2018.

 

Idé og koreografi: Odd Johan Fritzøe

Komponist og utøvar: Gjermund Larsen

Kostymedesign: Svein Ove Kirkhorn

Dansarar: Alexander Aarø, Guri Gulstad, Elisabeth C. Holth og Severin Romer Iversen

Scenografi: Einar Øfsti -  rekonstruksjon måla av Turid Ousland / Joost van Vliet

Lysdesign: Ingunn Fjellang Sæther

Produsent: Dans i Trøndelag

Co-produsentar: Turnéteatret i Trøndelag, Hilmarfestivalen, Ål kulturhus og Riksscenen

 

Etter premieren på Hilmarfestivalen turnerer forestillinga i Trondheim, Namsos, Verdal, Stjørdal, Ål, Oslo/Riksscenen og Inderøy i regi av Turnéteateret i Trøndelag.

Støtta av Kulturrådet, Det Norske komponistfond, Fond for utøvende kunstnere, Trøndelag fylke, Inderøy kommune.

 

 

NOV
19
MÅN
Sankthansnatt på Inderøen
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser