Om oss   Kontakt oss         

Lifegame

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 27. oktober

Lifegame av Keith Johnstone

“Alle liv er uvanlege – slv dei vanlege”

Historia til ein lokal gjest blir lyfta fram når Brageteatret kjem med teaterforestillinga «Lifegame»

«Lifegame» blir skildra som halvt teater, halvt talkshow. I forestillinga blir ein gjest intervjua på scena og får livet sitt spelt ut av eit knippe skodespelarar.

 

 

Meir eller mindre kronologisk går me gjennom livets opp- og nedturar. Det blir som regel rom for mykje latter, men kanskje også nokre tårer.

Dette er ei unik forestilling der me får innblikk i vanlege folk sine fantastiske historier.
Å vere menneske er, som me veit, både utruleg og vanskeleg.

Kven blir gjest i Ål kulturhus? – Følg med!

 

Improvisatørar i forestillinga: Mats Eldøen, Cathrine Frost, Camilla Frey, Kristin Jess Rodin, Olli Wermskog, Stian Gulli, Eirik Skarsbø, Veslemøy Mørkrid, Nils Petter Mørland

Scenografikonsulent: Cathrine Schermann
Kunstnerisk ansvarleg: Mats Eldøen

Forestillinga er ein samproduksjon med Det Andre Teatret.

 

 

OKT
27
LAU
Lifegame
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser