Om oss   Kontakt oss         

Erlend Apneseth og Hans Hulbækmo (Sommarkveld i gamlekyrkja)

Arrangør: Hol fellesråd
Tid: 10. juli 2018

Erlend Apneseth er ein musikar og komponist frå Jølster, busett i Ål. Han spelar hardingfele, og har forutan folkemusikken fordjupa seg i improvisasjon og alternative klang - og pizzicatoteknikkar. Han har skrive musikk for film, teater, dansegrupper og musikalske konstellasjonar i fleire sjangrar. Alle hans tre siste utgjevingar har blitt nominert til Spellemannprisen, og særleg hans to plater med Erlend Apneseth trio har vakt mykje merksemd, også internasjonalt i musikkmagasin som BBC music magazine og MOJO.

Hans Hulbækmo har vokst opp i ein folkemusikkfamilie, men fann jazzen i ung alder og er blitt ein av dei mest brukte og innflytelsesrike unge trommeslagane i landet. Han spelar fast i band som Moskus, Atomic og Broen, og medverkar i ei lang rekkje prosjekt og utgivelsar i fleire sjangrar - mellom anna i Ola Kvernbergs "Steamdome", i duo med Anders Røine og fleire bestillingsverk med Trondheim Jazzorkester.

Sommarkveld i gamlekyrkja er en tradisjonell og populær konsertserie som både publikum og artister ser fram til. Konsertene går av stabelen hvert år, hver tirsdag i hele juli måned og byr på en variert blanding av musikk med lokale, nasjonale og internasjonale artistar

JUL
10
TYS
Erlend Apneseth og Hans Hulbækmo
Stad: Hol gamle kyrkje
Kr 220,- inkl.avgift
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser