Om oss   Kontakt oss         

Georgs magiske medisin

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Sundag 2. desember

Av Roald Dahl


Passe rampete teater for heile familien.
Også for bestemødre, viss dei tør!



 








































Bestemor til Georg er ikkje som andre søte og snille bestemødre. Ho er nifs og syt og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogleg. Georg vil gje henne ein lærepenge. Så når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, frådande, magisk medisin, som garantert vil sende henne gjennom taket …

Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skapt ei verd av uuttømmeleg fantasi. Han var alltid på barna si side, og let aldri ein sjanse gå frå seg til å sparke dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømande. Vaksne, sjølvsagt. Men fyrst og fremst får han oss til å le. Og grøsse. Og bli litt skremde (i alle fall ei lita stund inntil alt blir bra att). Og så le endå meir. Dei utrulege historiene hans har gjeve stoff til internasjonale storfilmar så vel som fargerike musikalar og fengjande barneforestillingar.

Når Riksteatret tek Georgs magiske medisin til scenen, engasjerer dei regissør og dramatikar Morten Joachim, som også sette opp Doktor Proktors prompepulver. Han lovar ei forestilling med mykje musikk og magi, som involverer barna og tek ungane sin fantasi på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han sette alt på hovudet og slå seg laus på barna sine vegne – heilt og fullt i Roald Dahl si ånd.

Høver for barn frå 5 år.

 

På scenen
Ellen Andreassen, Ulla Marie Broch, Espen Mauno, Kristian Winther og Andreas Bratlie.

Team
Dramatikar, Regissør: Morten Joachim
Kostymedesignar, Scenograf: Gjermund Andresen
Lysdesignar: Øystein Heitmann
Komponist: Gunnar Eiriksson
Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 4. oktober 2018

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater



Billettar:

* Familiepris: Ved kjøp av minimum 4 billettar

*Coop-rabatt: Må oppgje kode ved kjøp. Rabatten gjeld for inntil 4 billettar per medlem.

*Samarbeidspartnarpris = ARK, Bokklubben, Utdanningsforbundet, Sykepleierforbundet, Teatervenner Norge, tilsette i DNB. Må oppgje kode ved kjøp.

 

JULELUNSJ PÅ THON HOTELL HALLINGDAL MELLOM KL 13.00 -16.00

• Tradisjonell julebuffet

Pris: Vaksne kr. 245,-/Barn kr. 145,-

NB! Kjøp eigen lunsjbillett.

 

DES
2
SUN
Georgs magiske medisin
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 17:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser