Om oss   Kontakt oss         

ELG m/band

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 9. november 2018

ELG

Vinnar av Århundrets stemme!

 

Øivind Elgenes/ELG er mest kjent som sjølvaste stemma i bandet Dance With A Stranger. Som soloartist har han også vorte ein folkekjær sangar, gitarist og låtskrivar som i snart 40 år har gjort seg bemerka, også langt utover landets grenser. I år fyller ELG 60 år, noko som definitivt skal bli markert både med nytt album og konsertar i store delar av landet.

12. mai gjekk han sigrande ut av TV2 sitt program «Århundrets stemme» etter 10 veker og over 20 låtar. Hardtarbeidande ELG slepp i år det 7 soloalbumet sitt, Det går ein drøm gjennom landet og følgjer opp dette med ein jubileumsturné med band. Denne gongen har låtane fått norske tekster, noko publikum har etterspurt etter at han kom ut med albumet Storm i 2010. Fleire av låtane på dette albumet er framleis fast følgje på konsertane.

I fjor vinter gav ELG ut Feelosophy til gode kritikkar frå både lokal og nasjonal presse. Uansett setting, om det er band, duo eller solo, sluttar ikkje publikum å la seg røre av ELG sin heilt eigne måte å formidle på, noko han fekk bevist i den populære TV serien «Hver gang vi møtes». Tolkinga hans av deLillos sin Hjernen er alene er framleis ein «snakkis» også blant andre artistar. TV2 gav han då ”skulda” for å lage kunst på live-TV.

Konserten på Ål kulturhus vil naturleg nok bestå av fleire låtar frå det nye albumet, men også publikumsfavorittar frå dei tidlegare albuma hans.

 

På vegen i sommar og haust har han med seg ELGbandet sitt:

Elg – gitar, vokal
Kyrre Sætran - bass og vokal
Trond Helge Johnsen - gitar og vokal
Bjørn Jenssen – trommer

 

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga startar.
Middagsserveringa startar 2 timar før teaterstart:

Stad: Thon Hotell Hallingdal
Tid: Middagsservering kl. 17.00
 

MENY: 

• Grava elg med sylta sopp og pepperrotkrem. Hjort med sopp, bacon og lauk. Servert med omnsbakte potetar og rødvinssaus

• Karamelpudding med krem

 

Sjå eigen billettkategori.

NB! Middagsbillett må kjøpast seinast torsdag 8. november kl. 12:00

 

 

NOV
9
FRE
Elg m/band
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser