Om oss   Kontakt oss         

Tøyser jula inn

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 6. desember 2018

Eit latterleg og musikalsk humorshow med Jonas Rønning, Gustav Nilsen, Paul Håvard Østby og Torbjørn Dyrud

 

Dei har hatt stor suksess på kvar sin kant. Jonas Rønning har vore ein av landets mest ettertrakta komikarar i årevis, og han er grunnleggjaren av braksuksessen Hønefossrevyen. Jonas er ein av landets mest morosame menn.

Gustav Nilsen er landets kanskje beste parodikar. Saman med Jonas. Du ser stadig Gustav sine gossine krøller på TV, og du høyrer stemma hans på radio. Heile tida. Om sommaren får han publikum til å gapskratte på showet Urbane Totninger, det desidert største sommarshowet i Noreg. Gustav er ein av landets mest morosame menn.
 

Paul Håvard Østby er saman med Gustav hjernen bak Urbane Totninger, og sørgjer for at meir enn 33.000(!) ler seg skakke i eit telt i vannkanten på lille Kapp kvar sommar. Paul har skapt nokre udøyelege figurar som publikum elskar, og han vart nominert til komiprisen i 2017. Paul er ein av landets mest morosame menn.
 

No går altså tre av landets mest morosame menn saman. Dei har kvar for seg laga Noregs største og beste sommarshow og Noregs største og beste sommarrevy. No skal dei saman lage det artigaste og mest tullete juleshowet som nokon gong har vorte laga. I november og desember reiser dei på turné og vil gje publikum parodiar, stand up, sketsjar og musikalsk humor i eit forrykande tempo.

Med seg på tangentar har dei Torbjørn Dyrud, eit musikalsk geni som er nesten like artig som han er flink på piano.

Så ta deg ein pust i bakken i julestria. Slepp handleposane og vaskefilla. La gorojernet kvile medan du trimmar lattermusklane. Sikre deg billettar i god tid, for når desse gutta tøysar jula inn blir det garantert både mykje folk og mykje moro!

 

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga startar.
Middagsserveringa startar 2 timar før teaterstart:

Stad: Hallingdal feriepark
Tid: Middagsservering kl. 16.30
 

MENY: 

• Culotte av kalv. Steikte grønsaker, selleripure, rødvinsjy og bakte potetar

• Porsjons ostekake. Pasjonsfrukt

 

Sjå eigen billettkategori.

NB! Middagsbillett må kjøpast seinast tysdag 4. desember kl. 12:00

DES
6
TOR
Tøyser jula inn
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 18:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser