Om oss   Kontakt oss         

Stein i lomma

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Måndag 12. november

Basert på den internasjonale teatersuksessen "Stones in his Pockets".

Gjer deg klar for feelgood-komedie basert på stykket Stones in His Pockets med Erik Poppe i registolen og to velopplagte skodespelarar i 18 roller!

Ein Hollywood-film skal bli spelt inn på ein liten stad i Norge, og i likheit med ein stor del av lokalbefolkinga har to rappkjefta unge menn late seg hyre inn som statistar. Korleis reagerer det vesle lokalsamfunnet på møtet med sleipe produsentar og verdsvante divaer? 

Stones in His Pockets starta som pubteater, og har sidan gått for fulle hus i Londons West End og på scener over heile verda. «Gå og sjå, og ver førebudd på å le og bli overvelda», skreiv pressen etter premieren. Her heime hugsar mange Nationaltheatret si oppsetjing med Kåre Conradi og Øystein Røger i rollene, som var på turné med Riksteatret og vart sendt på NRK. 

Med stjerneregissør Erik Poppe i registolen og Hallvard Holmen (Roy i NRKs Himmelblå) og Øystein Martinsen (Kark i NRKs Vikingane) på scenen, gjer Riksteatret Stones in His Pockets – som opprinneleg foregår i Irland – om til ei filminnspeling i Nord-Norge. Erik Poppe har fyrstehandskunnskap om kva som skjer når underhaldningsindustrien rykkjer inn med heile sitt kjempeapparat og gjer eit intetanande lokalsamfunn om til ein eineste stor «location». Difor vil han også vite å ta vare på det skjøre vesle alvoret som ligg under humoren.

For til sjuande og sist er Stones in His Pockets kanskje meir aktuell enn nokon gong. Med forteljinga om kollisjonen mellom lokal og internasjonal kultur, og om vanlege menneske si oppleving av ikkje lenger å bli sett og høyrt, grip den rett inn i dagens Norge. 



 

"**** Eit fantastisk stykke"
The Herald

"Gå og sjå det, og ver førebudd på å le og bli overvelda"
Sunday Times

"Best New Comedy"
Laurence Olivier Award 

"Best New Comedy"
Evening Standard Award 

----------

Av Marie Jones.
Omsett og bearbeidd av Ragnar Olsen.

På scena
Hallvard Holmen og Øystein Martinsen.

Team
Regissør: Erik Poppe
Kostymedesignar, Scenograf: Siri Langdalen
Lysdesignar: Øyvind Wangensteen
Lyddesignar: Benjamin Tveit
Produsent: Rebecca Mathisen

Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause).

Produsert av Riksteatret

 

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga startar.
Middagsserveringa startar 2 timar før teaterstart:

Stad: Hallingdal feriepark
Tid: Middagsservering kl. 17.00
 

MENY: 

• Bakt fjellørret med dampa grønsaker, gulrotpure, dillpotetar og krema fiskesaus

• Panna cotta med geiterømme. Marinerte jordbær

 

Sjå eigen billettkategori.

NB! Middagsbillett må kjøpast seinast fredag 9. november kl. 12:00

 

Billettar:

* Grupperabatt: Ved kjøp av minimum 10 billettar

*Coop-rabatt: Må oppgje kode ved kjøp. Rabatten gjeld for inntil 4 billettar per medlem.

*Samarbeidspartnarpris = ARK, Bokklubben, Utdanningsforbundet, Sykepleierforbundet, Teatervenner Norge, tilsette i DNB. Må oppgje kode ved kjøp.

 

NOV
12
MÅN
Stein i lomma
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser