Om oss   Kontakt oss         

Draumefangaren m/Frikar i fossen

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: 01.08.2018 - 05.08.2018

FANTASI & RØRSLE I EKSTREM NATUR

Opplev dans, ekstremsport, installasjonskunst, musikarar og kor i Åbjøra-juvet.

 

Deltakande kunstoppleving i naturen, kan det bli betre? Bli med på FRIKAR si største satsing nokon gong! Vatnet har fila seg gjennom Åbjørajuvet i tusenar av år og skapt eit landskap som er ei oppleving i seg sjølv. FRIKAR byggjer vidare på denne opplevinga med opptil 100 aktørar i ei interaktiv vandrevisning der du sjølv får ta val. Opplev FRIKAR sitt koreografiske univers med nokre av Noregs beste dansarar frå ulike sjangrar, musikarar og installasjonskunst. 


Kjøp billett:

Ordinær billett er kr 385, barnebillett er 285 kr og gjeld til og med 15 år.
Medlem i DNT kr. 327,-
 

  • 01.08.2018: ONSDAG – PREMIERE!
  • 02.08.2018: TORSDAG
  • 03.08.2018: FREDAG
  • 04.08.2018: LAURDAG
  • 05.08.2018: SUNDAG

Forestillinga startar klokka 19:00 kvar kveld, og varar omlag tre timar. 

Terrenget er krevjande å gå i, men familievenleg. Det er diverre for vanskeleg for rullestolar. Lett løype blir merka.
Vandrevisninga foregår ute i naturen. Alle publikummarar under 18 år lyt koma i følgje med vaksne. Fordel med sko og klede til blaute forhold. Terrenget er skral stig i skog og på berg. Ta gjerne med nistepakke og termos. La hundar vera att heime.

Parkering og registrering ved sandtaket 200 m aust frå Mønobrua retning Vestringsbygda. Adresse: Åbjøra-juvet, Nord-Aurdal i Valdres 2910 Aurdal

Området er rekna som offentleg stad og det er ikkje lov å nyte alkohol.
Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber vi om de ikkje røyker eller brukar open eld.
Ta med deg søpla heim.

Området er ikkje avgrensa og publikum ferdast på eige ansvar under heile framsyninga, samt i forkant og etterkant. Hugs at du har ansvar for dei mindreårige som du har med deg.

Billettar blir ikkje refundert.

 

Om utøvarane:

Vandrevisningen er eit av prosjekta til FRIKAR X, eit talentutviklingsprogram mellom FRIKAR og Talent Norge. Me fylgjer ti av Noregs fremste talent i bevegelseskunst over tre år. Hovudfokus er på individuell, sjangerlaus utvikling og kollektiv utvikling innanfor moderne dans basert på folkedans.
Utøvarane er Anita Vika Langødegård, Ornilia Percia, Sigyn Åsa Sætereng, Isabel Ingvoldstad, Håkon Håvelsrud Odden, Stian Bergdølmo, Michael Aspli, Nora Martine Svenning og Sara Enger Larsen.

I tillegg vil dansekunstnarane Sudesh Adhana, Jon Filip Fahlstrøm, Antero Hein, tøyakrobat Karoline Aamås og Sara Helene Vallevik Borg, installasjonskunstnar Anna Widén, musikarane Jonas Barsten og Rolf-Erik Nystrøm, sangerinna Juliana Venter, videregåendeelevar frå Toppidrett FRIKAR og lokale danseelevar vera med.

Vandrevisninga er koreografert av kunstnerisk leiar Hallgrim Hansegård og blir komponert av Bjarne Kvinnsland.

Link til trailer: https://www.youtube.com/watch?v=VVr9TnGO2xY&t=61s

 

Takk til: 

Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping, Kulturrådet, Oppland fylkeskommune, Sparebankstiftelsen Hallingdal, Fond for utøvende kunstnere, Eckbos legat og Skagerak Energi. 

Samarbeidspartnere: Talent Norge, Valdres natur- og kulturpark, Teater innlandet, Ål kulturhus, Kraftriket og DNT Valdres. 

AUG
1
ONS
Draumefangaren m/Frikar i fossen
Stad: Åbjøra
Kl: 19:00
AUG
2
TOR
Draumefangaren m/Frikar i fossen
Stad: Åbjøra
Kl: 19:00
AUG
3
FRE
Draumefangaren m/Frikar i fossen
Stad: Åbjøra
Kl: 19:00
AUG
4
LAU
Draumefangaren m/Frikar i fossen
Stad: Åbjøra
Kl: 19:00
AUG
5
SUN
Draumefangaren m/Frikar i fossen
Stad: Åbjøra
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser