Om oss   Kontakt oss         

Historia om Nils Johan Rud

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Måndag 17. september

Forfattaren og redaktøren Nils Johan Rud (1908-1993) var ei sentral stemme i norsk litteratur frå midten av 1930-tallet.

Som redaktør for Magasinet for Alle (opprinneleg Arbeidermagasinet) frå 1932 til 1970 vart han ein mentor og hjelpar for meir enn ein generasjon norske forfattarar. Å bli publisert i Magasinet var ein viktig start for mellom andre Tor Jonsson, Agnar Mykle, Inger Hagerup, Kjell Askildsen, Bjørg Vik og Alf Prøysen.

Denne kvelden vil Mons Georg Rud fortelje om far sin, Nils Johan, og hans forfattarskap og allsidige virke.

Per Ove Nybråten byr på litterære smakebitar, og Synne Fredriksen syng Prøysen-viser.

 

Gratis inngang.

 

 

SEP
17
MÅN
Historia om Nils Johan Rud
Stad: Ål bibliotek
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser