Om oss   Kontakt oss         

Foredrag ved Øystein Magelssen (Ål kyrkjeakademi)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Tysdag 2. oktober

Ål kyrkjeakademi presenterer: 

"Menneske først, kristen så"

Foredrag v/ Øystein Magelssen

Øystein Magelssen (52) er kjent for mange i Hallingdal. Han var prost i Hallingdal i 1999-2008, og etter det var han prost i Drammen i seks år. Sidan 2015 har han vore generalsekretær i Norges KFUK/KFUM, den største kristne ungdomsorganisasjonen i landet. Øystein kjenner kyrkja godt frå innsida etter mange år som prest i både bygd og by, og han har gjennom lang erfaring frå organisasjonsarbeid også sett kyrkja frå utsida. I vår var han ein av dei nominerte til bispevalget her i Tunsberg.

Det er viktig å vere bevisst at vi som kyrkje aldri betyr, eller formidlar, noko anna enn det folk opplever og høyrer, seier han. Og kva er kyrkja sitt kall til å handle og formidle om ho skal ha sjanse til å overleve som folkekyrkje?

 

OKT
2
TYS
Foredrag ved Øystein Magelssen (Ål kyrkjeakademi)
Stad: Ål kulturhus – Syningen
Billett 150/120,-
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser