Om oss   Kontakt oss         

Lystjazzensemblet

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 12. oktober

Lystjazzensemblet held sin fyrste konsert i Ål kulturhus på slutten av 90-talet, og dei ga ut den fyrste utgevinga si i mai 2017 på Hot Club Records. Musikken til Lystjazzensemblet har ein tydeleg nordisk identitet, som spenner frå biletskapande lyrisk jazz til meir etniske prega og groovebaserte strekk. Arild Jensen likar å skildre musikken som skranglete vakker. Låtane byggjer rundt Arild sine gitarbaserte komposisjonar med forseggjorte arrangement, der kjensla av samspelet i ensemblet dominerer.

Dette er fyrste gong Lystjazzensemblet spelar med Andreas Dreier, og det blir eit spennande møte med ein av dei mest etterspurte jazzbassistane på austlandet.

 

Open bar:

På scenekanten vil de óg finne vinkjennar og entusiast John Storhaug som riggar seg til med bar for kvelden.

Han vil by på spesialimportert vin av beste sort, samt gje eit lite minikurs i dei fabelaktige eigenskapane til dei ulike vinsortane.
Her kan du kjøpe eit glas svært god drikke til konserten.

 

På denne konserten er Lystjazzensemblet:
Arild Jensen - gitarar
Espen Bergo - slagverk
Audun Haugeplass - piano
Andreas Dreier - kontrabass


 

 

OKT
12
FRE
Lystjazzensemblet
Stad: Ål kulturhus - Storesalen (un)
Billett 275,-
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser