Om oss   Kontakt oss         

Olav Sletto dagen 2018

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 13. oktober

Olav Sletto-selskapet og biblioteka i Ål, Hol og Nes inviterer til: Olav Sletto-dagen 2018

Olav Sletto (1886 – 1963) vaks opp i små kår hjå besteforeldra i Sletto i Hol, men reiste sidan ut og vart ein stor folketalar og forfattar. Per-bøkene og «Soga um Røgnaldfolket» er blant hans mest kjende. Det er den brennande kjærleiken mellom Karin Bryde og Olav Sletto som er hovudtema for Olav Sletto-dagen 2018. Dei to trefte kvarandre på Notodden lærarskule i 1908, skildes, trudde dei, for all tid, men «de høiere magter» ville det annleis. Breva mellom dei to gir unike inntak til forståing av både diktaren og diktinga hans. Det blir musikalsk følgje til kjærleiksforteljinga. 

I tillegg kjem hyttehallingen Erling Lae og deler si leseoppleving av Per-bøkene med oss.

 

Olav Sletto-dagen 2018 er støtta av Buskerud Mållag og Skue Sparebank.

Programmet varar frå kl. 13.00 - 17.00.
Billett inkluderer varm lunsj.

 

 

OKT
13
LAU
Olav Sletto dagen 2018
Stad: Ål kulturhus
Billett 250/200,- inkl varm lunsj
Kl: 13:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser